DRIFTIG KOMMUNE: Fire personar i Aurland er heilt arbeidsledige, eller berre 0,4 prosent av arbeidsstokken. Det er lågast i fylket.
DRIFTIG KOMMUNE: Fire personar i Aurland er heilt arbeidsledige, eller berre 0,4 prosent av arbeidsstokken. Det er lågast i fylket. (Bilde: Flickr/Eric Salard)

Her kan du telja talet arbeidsledige på èi hand

 Med eitt unnatak går arbeidsløysa ned i alle kommunar i Indre Sogn. Men èin kommune skiljer seg ut med rekordlåge tal.

Leikanger: I Aurland er det snart ikkje fleire arbeidsledige att. I april var arbeidsløysa på 0,4 prosent av arbeidsstokken, mot 2,4 prosent i landet elles.

Ein nedgang på 56 prosent frå i fjor, betyr at det berre er fire ledige i Aurland. Ikkje meir enn du kan telja på èi hand.

– Me har over tid hatt låg arbeidsløyse, for det har vore stor aktivitet i næringslivet. Men det er veldig gledeleg når det er tilnærma null. Det betyr at det er arbeidplassar tilgjengeleg og at bedriftene er flinke å ta inn arbeidstakarar, seier ordførar Noralv Distad.

GODE TAL: Ordførar Noralv Distad i Aurland kan gleda seg over særs låg arbeidsløyse i kommunen. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Sjå tabellen med resten av kommunane i Indre Sogn nedst i saka.

Reiselivet dreg lasset

Han meiner kommunen òg har vore heldige, som til forskjell frå mange andre, over lengre tid har vore skåna for tøffe omstillingsrundar i sentrale bedrifter. Tvert imot har det stort sett berre èin veg dei siste året.

– Spesielt har det vore god trøkk i reiselivet, det har blitt skapt fleire heilårs arbeidsplassar, det blir jobba godt innan handverk og handel. Dette er nok eit bevis på at me har eit arbeidsliv i framgang, seier Distad.

I fylket er det i april 944 heilt arbeidsledige, 63 færre enn same tid i fjor. Det utgjer ei arbeidsløyse på 1,6 prosent, den lågaste i landet saman med Troms.

– Arbeidsmarknaden er stabilt god, og saman med ein aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak, gir dette låg arbeidsløyse, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

I seksten av kommunane i Sogn og Fjordane går arbeidsløysa ned i april.

I Indre Sogn er det berre i Lærdal at den går opp. Åtte fleire ledige er det blitt i den grøne kommunen, ein oppgang på 80 prosent frå i fjor. Arbeidsløysa på 1,6 prosent er likevel ikkje meir enn snittet i fylket.

Så mange ledige er det i kvar sognakommune:

Kommune Tal ledige Prosent av arbeidsstyrken Endring frå i fjor (tal) Endring frå i fjor (%)
Vik 11 0,8 -6 -35
Balestrand 7 1,0 -6 -46
Leikanger 15 1,2 0 0
Sogndal 47 1,0 -3 -6
Aurland  4 0,4 -5 -56
Lærdal 18 1,6 8 80
Årdal 33 1,2 -10 -23
Luster 27 1,0 -13 -23
Sogn og Fjordane 944 1,6 -63 -6
Til toppen