SENTRALT: Kyrkjestølen ligg godt til både i høve Kongevegen over Filefjell, bilistar som kjem på E16 og DNT-ruta mellom Slettningsbu og Sulebu, så Aagot Monsen har ein variert marknad å spela på.
SENTRALT: Kyrkjestølen ligg godt til både i høve Kongevegen over Filefjell, bilistar som kjem på E16 og DNT-ruta mellom Slettningsbu og Sulebu, så Aagot Monsen har ein variert marknad å spela på. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Her kan vandrarane få seg ein kvil i sommar

Aagot Monsen har teke sats og starta overnattings- og serveringsverksemd på Kyrkjestølen – midt i smørauget ved Kongevegen og midt mellom to DNT-hytter.

Filefjell: – Eg er å rekna som ein glad amatør – dette har eg ikkje gjort før. Men det er opplagt at tilbodet fyller eit behov, seier Monsen.

Ho kjem frå utanfor Bergen og har jobba som lærar, men denne sommaren gjer ho noko temmeleg annleis; tilbyr overnatting med frukost på Kyrkjestølen, i tillegg til enkel servering på dagtid og middag på kveldinga.

– Folk skal gjerne gå i fjellet i fleire dagar treng ei seng. Så det har vore dei som har jubla når dei kjem innom og me fortel at det er overnatting å få.

Totalt er det 26 sengeplassar i hovudbygningen og annekset. Inkludert i overnattinga er frukost og på dagen tilbyr dei vaflar, kaffi og saft. Klokka 18 er det tid for middag, men då må det vera bestillingar inne til klokka 15 same dag.

Artikkelen held fram under biletet

26 SENGEPLASSAR: I tillegg til å få seg eit rom og eit seng er det eit stort opphaldsrom på Kyrkjestølen for vandrarane. 
26 SENGEPLASSAR: I tillegg til å få seg eit rom og eit seng er det eit stort opphaldsrom på Kyrkjestølen for vandrarane.  Foto: Ole Ramshus Sælthun

Tilbake på Kyrkjestølen – 51 år etter

Monsen leiger Kyrkjestølen av Ivar Eltun i Vang denne sommaren. Det har vore overnattings- og serveringstilbod her tidlegare også, men ikkje dei siste åra.

– Me har stadig folk innom som hugsar dei var her og åt rømmegraut som ungdommar, kanskje i samband med ei konfirmasjonssamling, fortel Monsen.

Og akkurat når Porten.no er innom, kjem også Reidun Olsen-Nalum frå Stavern og mannen hennar innom. Ho budde på ein støl som likna veldig på Kyrkjestølen i ei veke på våren for 51 år sidan. Etter å ha sett seg om konkluderer ho med at det var her på Kyrkjestølen dei var.

– Me var både menn og damer. Mannen min var med og eg gjekk gravid med yngstemann, fortel Olsen-Nalum medan ho fotograferer flittig.

Plasseringa er svært sentral ettersom eit mykje nytta startpunkt for å gå den prisløna Kongevegen ligg eit steinkast frå Kyrkjestølen. I tillegg ligg stølen temmeleg midt på den 18 kilometer lange DNT-ruta mellom Slettningsbu og Sulebu.

– Me har også innom bilistar som tek ein pause i køyringa. Og hyttefolk til middag som droppar middagslaginga. Syklistar har me hatt og folk på hest. Her kan me tilby rikeleg med beite, humrar Monsen.

Arttikkelen held fram under biletet

TILBAKE: Reidun Olsen-Nalum frå Stavern måtte foreviga at ho var tilbake på stølen ho budde på ei veke for 51 år sidan. (Foto: Ole Ramshus Sælthun

Sjølv om tildelinga av Europa Nostra-prisen vart utløysande for at Monsen tok satsinga, er det ikkje ein heilt ny idè.

Les også: Denne vegen har fått kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen

– Eg har tenkt på det lenge, for eg har hytta mi rett ved her og kjenner området godt. Så var det næringssjefen i Vang som gav meg utfordringa, fortel ho.

Og slikm vart det. Ho er ikkje heilt åleine, med på laget er to medhjelparar i form av vaffelsjef Audun Haugse og altmoglegmann Romeo Hansen.

Danske Hansen tykkjer det er artig å jobba ved Kyrkjestølen og har sjølv testa ut deler av Kongevegen.

– Eg la i veg ein ettermiddag etter åtte timar på jobb utan heilt å vita kor langt det var til Maristova. Etter kvart skjønte eg jo at det blei eit stykkje tilbake, og då eg såg på det etterpå var det jo snakk om 22 kilometer. Men eg trefte mykje folk eg pratte med på vegen, så det var kjekt, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet

ALTMOGLEGMANN: Romeo Hansen diskar opp med både frukost på morgonen og vaflar på dagen. 
ALTMOGLEGMANN: Romeo Hansen diskar opp med både frukost på morgonen og vaflar på dagen.  Foto: Ole Ramshus Sælthun

Arrangerer kulturkveldar

Det er berre ei veke sidan ho starta opp, og no vil ho halda ope ut september. Om det blir ny sesong neste år tek ho ei vurdering på då.

– Me får sjå korleis det har gått. Eg har berre leigd stølen denne sesongen i første omgang, fortel ho.

I tillegg til overnatting og mat arrangerer dei innimellom kulturkveldar på Kyrkjestølen. Den første i rekkja handla om Kyrkjestølen og folkelivet i gamle dagar.

– Då hadde eg også to flinke musikarar frå Vang her, og det kom gledeleg mange deltakarar, kring 20 stykk. 

Monsen fortel at neste kulturkveld blir fredag 4. august. Då er tittelen «Kongevegen og lærdalsopprøret» . Her skal lokalhistorikar i Lærdal, Kåre Hovland, fortelja om opprøret lærdølene gjorde då dei mista rettigheitene til å betala berre halv skatt og sleppa millitærteneste mot at dei frakta post og embetsmenn over Filefjell.

– Eg er i dialog med kulturskulerektor i Lærdal Magne Grøttebø om å få hit nokre musikarar og vil servera hjortegryte denne kvelden, fortel Monsen.

Til toppen