Her kaprar bøndene Fjordsyn

I ein samla aksjon tok Aurland og Lærdal Bondelag over hybridbåten i Flåm og forkynna deira side av saka i jordbruksforhandlingane.

Flåm: Kledd i slagord på både norsk og engelsk var det ein litt annan dag på jobben for hybridbåten som trafikkerer mellom Flåm og Gudvangen. 

«The world heritage needs local farms» stod det på eitt av bannera. «Me treng kroner, ikkje prosent» stod det på eit anna. 

TOK OVER: Bøndene kapra Fjordsyn i eit stunt for å fortelje si side av saka, fortel Thomas Rastad i Aurland Bondelag.
TOK OVER: Bøndene kapra Fjordsyn i eit stunt for å fortelje si side av saka, fortel Thomas Rastad i Aurland Bondelag.

– Me skal ta over båten og gi dei reisande ein tur dei aldri vil gløyme. Aksjonen er retta mot reiselivet. Me håpar at me kjem lengre på denne måten ved å snakka med folk og fortelja vår side av saka, seier Thomas Rastad, som er leiar i Aurland Bondelag. 

– Eg trur gjestane våre har ei heilt anna forståing av korleis det er å vere bonde i Noreg, så i dag serverer me lokalmat og viser at det er me som ivaretek landskapet dei er komne for å sjå, og som er verdsberømt.

Difor seier staten nei

Med fele og trekkspel og to traktorar i følget kom bøndene i tog ned på brygga i Flåm. Med seg hadde dei lokalmat som dei serverte til turistane, som sjølvsagt var snare med kamera sine. Bøndene gjekk også rundt og forklarte kvifor dei aksjonerte.

SEIER NEI: Tysdag vart det brot i forhandlingane. Fredag er Dale på plass i Balestrand.
SEIER NEI: Tysdag vart det brot i forhandlingane. Fredag er Dale på plass i Balestrand.

Tysdag vart det brot i forhandlingane om årets jordbruksoppgjer. Bøndene har lagt fram eit krav om 1,45 milliardar kroner, men då brotet var eit faktum, hadde staten berre tilbydd 550 millionar kroner. 

– Me har hatt utfordringar med veksande arbeidsløyse, og i ei slik tid meiner eg at jordbruket som andre må vise den same moderasjonen. Eg var likevel innstilt på å gi bøndene høgare inntektsutvikling enn andre grupper. Men me kan ikkje gi bøndene 9 prosents inntektsutvikling når andre grupper kan forvente 3, konstaterer landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) overfor NTB.

– Betalar rekningar som alle andre

Fredag er landbruksministeren på plass i Balestrand, der han etter planen skal opna Ciderhuset Économusée. Her var bøndene også på plass for å stoppa ministeren.

– Eg betalar rekningane mine på same måte som alle andre, men får ein lønsauke som i kroner og ører utgjer halvparten av det andre får. Det er ikkje liv laga, og det må seie i frå om, forklarar Rastad om kvifor dei protesterer.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERHALDNING: Turistane fekk også underhaldning av bøndene, som gjekk rundt og serverte lokalmat og fortalte kvifor dei aksjonerte.
UNDERHALDNING: Turistane fekk også underhaldning av bøndene, som gjekk rundt og serverte lokalmat og fortalte kvifor dei aksjonerte.

Rastad skildrar motparten som proff og for å drive med feilinformering når dei legg fram tal.

– Dei snakka om tal bruk og inntekt på bruk utan å nevne at dette er typiske melkebruk med 15 kyr, og at inntekta skal delast på 1,7 som snittleg tal årsverk.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen