REKORD: Aldri har dei første potetene kome så tidleg opp av jorda. Privat foto
REKORD: Aldri har dei første potetene kome så tidleg opp av jorda. Privat foto

Her kjem dei første potetene opp av jorda

Aldri før har bøndene i Lærdal hausta poteter så tidleg.

Lærdal: – Potetene var oppe til klokka ti over åtte på morgonen. Tre bønder fekk ta opp i dag, to til to og eit halvt tonn kvar. Desse potetene går til Bergen i kveld, totalt seks komma seks tonn, seier leiar i potetutvalet hjå Lærdal Grønt, Knut Eltun.

GODE PRISAR: Bøndene får 14 kroner kiloen for potetene no heilt først i haustinga. Privat foto
GODE PRISAR: Bøndene får 14 kroner kiloen for potetene no heilt først i haustinga. Privat foto

Svært god kvalitet

No er det den kvite potetsorten Solist som kjem opp frå åkrane rundt om i bygda. Dette er den tidlegaste sorten, så kjem dei raude potetene av typen Rut opp om ei vekes tid. Eltun fortel kvaliteten er svært god.

– Det er flotte poteter i år. Første opptaket er alltid litt meir arbeid for å sikra topp kvalitet ut frå pakkeriet, men det ser veldig bra ut.

Han fortel det kjem fleire bestillingar frå Bama tysdag, og at han reknar med dei vil få ta opp 15-20 tonn denne første veka.

– Prisane er rimeleg høge no, me får fjorten kroner kiloen. Så det er ikkje full produksjon enno. Me har aldri teke opp poteter så tidleg som dette før.

DEI FØRSTE: Startskotet for haustinga av poteter gjekk søndag morgon. Privat foto
DEI FØRSTE: Startskotet for haustinga av poteter gjekk søndag morgon. Privat foto

1500 tonn

Fram til midten av september skal dei om lag tjue bøndene som dyrkar poteter i Lærdal ta opp 1500 tonn som går til Bama. I tillegg er det noko privatsal. Sortane som blir dyrka i bygda er altså først og fremst tidlege og halvtidlege poteter, vintersortar som Kerrs Pink og Pimpernel leverer ikkje lærdalsbøndene til Bama lenger.

– Det må så store kvantum til av desse grunna lågare prisar, og me har ikkje slike kvantum her i bygda. Men ein kan få vinterpoteter gjennom direktesal frå bøndene, fortel Eltun.  

 

 

Til toppen