GIVARGLEDE: Her får Sogn LMS overrekt medaljar frå Doktarheimen. Frå venstre: Anne Karin Brugrand, Jan Asle Steinheim, Vivian Kvam og Trude Klingenberg.
GIVARGLEDE: Her får Sogn LMS overrekt medaljar frå Doktarheimen. Frå venstre: Anne Karin Brugrand, Jan Asle Steinheim, Vivian Kvam og Trude Klingenberg.

Her kjem dei med gåver til barna på legesenteret

– Me er klare til å starta masseproduksjon av dette her.

Lærdal: – Før har me hatt sprettballar og andre leikar til å dela ut, men det er veldig symbolsk med ein ordentleg medalje, seier Vivian Kvam, dagleg leiar for Sogn lokalmedisinske senter.

Ho har nettopp fått overlevert eit knippe nye handlagde medaljar av nokre gode hjelparar frå aktivitetssenteret «Doktarheimen» i Lærdal.

SOLID HANDVERK: Det er lett å skjønne at dei heimelaga medaljane har blitt ettertrakta vare på legesenteret ved Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal.
SOLID HANDVERK: Det er lett å skjønne at dei heimelaga medaljane har blitt ettertrakta vare på legesenteret ved Sogn lokalmedisinske senter i Lærdal.

Dei to siste åra har samarbeidet med Sogn lokalmedisinske senter blitt stadig tettare. Det byrja med at personar med nedsett funksjonsnivå på aktivitetssenteret fekk ansvar for å handtere posten. Så vart det utvida til at dei òg hentar og leverer medisinar som er bestilte på apoteket.

Det siste bidraget er premiar som små ungar kan få på legesenteret når dei til dømes har tatt blodprøve.

– I dag kjem dei med ein heil haug som me skal få. Dei har blitt kjempepopulære, seier Vivian Kvam.

Les også: Frå roteloft til skattkammer med meining
Les også: Startar opp temakafè for kreftråka, pårørande og etterlatne

Miljøterapeut Trude Klingenberg seier dei har starta eit tettare samarbeid med Aurland når det gjeld personar med nedsett funksjonsnivå. Ein ting dei har vektlagt i samarbeidet er å finne ut korleis dei kan glede andre.

– Det er ein viktig eigenskap og årsaka til at me laga desse medaljane. Når me er her oppe og ser kor glade dei blir og når Vivian fortel at dette er veldig populært, då blir me sjølvsagt veldig glade. Og me er klare til å starta masseproduksjon av dette her når ryktet byrjar å gå, seier Klingenberg.

Til toppen