TIL LÆRDAL: «Bacarella» kom til Lærdal seint fredag kveld.
TIL LÆRDAL: «Bacarella» kom til Lærdal seint fredag kveld.

Her kjem den mystiske luksusyachten til Lærdal

Ingen veit kven som eig «Bacarella», men fredag kveld la den til innst i Lærdalsfjorden.

  • Endret

Lærdal: Luksusyachten er ifølgje Dagbladet registrert på det Hong Kong-registrerte selskapet Fancy Style Investments, men kven som er der er ukjent. Yachten var involvert i ei helikopterulukke i Bergen for ein månad sidan, står det i same artikkel.

Laurdag kveld kom «Bacarella» inn Lærdalsfjorden og ankra opp utanfor Lærdal hamn. Etter det Porten.no kjenner til er fiske i Lærdalselvi føremålet for visitten til kven det no er som eig båten.

På akkurat same tid i fjor var ein annan luksusyacht på visitt i Lærdal med fisking som mål for turen; då var det den pakistans-amerikansk forretningsmannen Shahid Kahn som kom; han eig mellom anna den britiske fotballklubben Fulham FC.

Les også: Her er eigaren av Fulham FC i Lærdal

 

Til toppen