FØRESLÅR Å BYGGJE HER: Formannskapet i Aurland har føreslått å byggje den nye barnehagen mellom barne og ungdomsskulen og verkstaden til Sogn jord- og hagebruksskule. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FØRESLÅR Å BYGGJE HER: Formannskapet i Aurland har føreslått å byggje den nye barnehagen mellom barne og ungdomsskulen og verkstaden til Sogn jord- og hagebruksskule. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Her kjem den nye barnehagen i Aurland

Sentrumsnær plassering vart avgjerande.

Aurland: Med berre èi stemme imot gjekk formannskapet i Aurland i dag, onsdag, inn for at den nye barnehagen i kommunen skal byggjast i sentrum, mellom barne- og ungdomsskulen og Sogn Jord- og Hagebruksskule.

– Det avgjerande vart at lokaliseringa er den greiaste. Det var fleirtalet sin konklusjon. Det blir òg det desidert billegaste alternativet, seier varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap). 

Les også: Greier ikkje å bestemme seg for kor dei vil byggje barnehagen
Les også: Fire ulike syn på lokasjon for ny barnehage

Plasseringa betyr at økoskulen mister eit område på omlag to dekar. På den andre sida er det meste av parkeringsplassar og anna struktur allereie på plass på grunn av nærleiken til skulen.

– Så eg vil seie at inngrepet blir minimalt, seier varaordføraren.

Saka har vore utsett fleire gonger fordi politikarane ikkje har greidd å bestemme seg. Med det tydelege fleirtalet i formannskapet går det no mot ei avgjerd i neste kommunestyremøte.

– Det er veldig viktig. Då saka vart utsett i vår vart 18. mai peika ut som den ultimate datoen for å spikre saka, seier Bergheim.

– Det blir ei sak som blir det lagt enormt stort trykk på. Me har allereie sett av pengar i budsjettet til å starte opp. Kva som må til av regulering er eg ikkje sikker på, men den prosessen startar umiddelbart.

Til toppen