TOK VALET: Eplehagen i Fosshagen like ved legesenteret, nedst til høgre i kartet, vart i dag valt som lokalisering for ny sentrumsbarnehage i Sogndal. Illustrasjon: Halvor Farsund Storvik/Google Maps
TOK VALET: Eplehagen i Fosshagen like ved legesenteret, nedst til høgre i kartet, vart i dag valt som lokalisering for ny sentrumsbarnehage i Sogndal. Illustrasjon: Halvor Farsund Storvik/Google Maps

Her kjem den nye sentrumsbarnehagen

Drama då kommunestyret i Sogndal skulle stemme over plassering av ny sentrumsbarnehage.

Sogndal: Etter ein omfattande debatt var det nær daudt løp mellom tre alternativ i prøverøystinga: Fosshagen fekk ni stemmer (fem frå Sp, to frå Venstre og to frå SV), Rutlin fekk åtte stemmer frå Ap og Bjelde gard fekk åtte stemmer (to frå Frp, èi frå Krf og èi frå Sp).

Partia fekk ti minutt til å diskutere på kammerset, før gruppeleiarane gjekk saman for å lufte det som hadde kome fram.

VEDTOK BARNEHAGE: I dag bestemte kommunestyret i Sogndal å byggje ein ny barnehage i Fosshagen med eit fleirta på 17 mot åtte røyster.
VEDTOK BARNEHAGE: I dag bestemte kommunestyret i Sogndal å byggje ein ny barnehage i Fosshagen med eit fleirta på 17 mot åtte røyster.

Les også: Søkarboom til barnehagane skapar trøbbel i Sogndal

Då møtet vart sett gjekk gruppeleiar Kjetil Kvåle i Arbeidarpartiet på talarstolen og annonserte at dei trekker forslaget om plassering på Rutlin.

– Vi er opptekne av å få bygd ein barnehage i sentrum. For å få fleirtal for dèt, så kjem vi til å støtte Fosshagen, sa han.

Òg Frp trakk sitt forslag, som var ei plassering på Kvåle.

Då stod det att to alternativ: Bjelde gard og Fosshagen. Avrøystinga viste at Fosshagen fekk eit solid fleirtal med 17 røyster. Bjelde gard stod att med åtte røyster, to frå Frp, fire frå Høgre, èi frå Sp og ei KrF.

– Vi er veldig glade for at fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for det vi meinte var det beste alternativet. Ein sentrumsbarnehage bør ligge i sentrum. Og med den forventa folkeveksten vi har, er det viktig å byrje å bygge frå sentrum og utover, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp).

NØGD: Senterpartiet og Laura Kvamme fekk til slutt fleirtal for sitt forslag.
NØGD: Senterpartiet og Laura Kvamme fekk til slutt fleirtal for sitt forslag.

– Vi veit det er motstridande interesser og ein grunneigar som meiner dette ikkje nødvendigvis er nokon god idè, men desse interessekonfliktane kjem vi borti nesten uansett kvar vi snur og vender oss. Det er nokon som blir fornøgde og andre som blir skuffa. Slik må det bli, seier ho.

Rådmann Jostein Aanestad seier dei allereie vil ha møte i morgon for å planleggje den vidare framdrifta. Noko av det første dei må gjere er å gå i dialog med grunneigar, som har signalisert at han ikkje ønskjer barnehage i området. 

– Det vil ikkje vere mogleg å ha klart ein barnehage for neste barnehageår, men eg vil i allefall ha som siktemål at om to år så skal ein ny barnehage stå ferdig, seier han.

Det er rekna med at barnehagen vil koste mellom 40 og 50 millionar.

Til toppen