IVRIG DUGNADSGJENG: Leiar i Leikanger skyttarlag, Olav Skarsbø, observerer på bakken, medan den innleigde tømraren Sigurd Bidne Borlaug og Arvid Brennset og Leif Bjarne Sæle i dugnadsgjengen jobbar med å få det utvendige ferdig til nyttår.
IVRIG DUGNADSGJENG: Leiar i Leikanger skyttarlag, Olav Skarsbø, observerer på bakken, medan den innleigde tømraren Sigurd Bidne Borlaug og Arvid Brennset og Leif Bjarne Sæle i dugnadsgjengen jobbar med å få det utvendige ferdig til nyttår. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her kjem den nye storstova til skyttarane

Det nye skyttarhuset på Leikanger tek form, mykje takka vere heftig dugnadsinnsats.

Leikanger: Skyttarhuset har ei grunnflate på 400 kvadrameter og vil innehalde ei innandørs 15-metersbane med ti elektroniske skiver, eit stort opphaldsrom, kjøken, toalett, garderobar og lager.

BREITT GLIS: Leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag ser fram til opninga av det nye skyttarhuset neste haust.
BREITT GLIS: Leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag ser fram til opninga av det nye skyttarhuset neste haust.

– Me har veldig stor interesse for skytesporten i Sogn, kanskje spesielt her på Leikanger. Då må vi ha eit anlegg som kan ta imot både ungar og foreldre på ein god måte. Vi har for liten kapasitet i dag og ønskjer å utvikle sporten vidare, seier Olav Skarsbø, leiar i skyttarlaget.

Les også: No startar oppattbygginga av skyte- og klubbhuset
Les også: Tommel opp for sesongstart

Det heile vil koste 6 millionar kroner og skal finansierast med eigenkapital, dugnad og spelemidlar. Resten må dei låne. 

Det nye moderne anlegget kjem i tillegg til utebana dei allereie har. Skyttarlaget arrangerer fleire store stemne i løpet av eit år og dei nye fasilitetane opnar nye mogleheiter.

– Det vil sikkert bli enno fleire stemne framover, seier Skarsbø.

For tida jobbar dei med å få huset ferdig utvendig til nyttår, så startar det store dugnadprosjektet innadørs.

– Så då håper me at medlemmene stiller opp framover, slik at me får det ferdig til neste haust, seier Skarsbø.

NY LEIKEGRIND: Skytebana tek opp omlag halve arealet i huset. Her vil det komme ei 15-metersbane med ti elektroniske skiver.
NY LEIKEGRIND: Skytebana tek opp omlag halve arealet i huset. Her vil det komme ei 15-metersbane med ti elektroniske skiver.

 

Til toppen