NYE PARKERINGSPLASSAR: Grasflekken blir allereie nytta som parkeringsplass når det er trangt om plassen i sentrum, men no har formannskapet i Årdal sagt ja til å etablere 32 nye mellombelse parkeringsplassar på Jotunplassen i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE PARKERINGSPLASSAR: Grasflekken blir allereie nytta som parkeringsplass når det er trangt om plassen i sentrum, men no har formannskapet i Årdal sagt ja til å etablere 32 nye mellombelse parkeringsplassar på Jotunplassen i Øvre Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her kjem det 32 nye parkeringsplassar

Og politikarane vil kompensere for tapet av Jotunplassen ved å lage eit bilfritt sentrum.
 

Årdal: Formannskapet i Årdal har sagt ja til å etablere 32 nye mellombelse parkeringar på Jotunplassen i Øvre Årdal. Det er handelsnæringa sjølv som har etterlyst fleire parkeringar.

Terje Laberg i Årdal Utvikling er glad for at politikarane har gått med på å bruke den grøne flekken på Jotunplassen til parkering. Han meiner det er ein føresetnad for å drive butikk at handlande kan parkere i nærleiken av butikken.

– Når ein ser på kommunane som lykkast med gode handelsnæringar og -tilbod, klarar dei å finna gode integrerte parkeringsløysingar tett på butikkane. Det gjer at trafikken til butikkane aukar, seier han og dreg fram Sogndal og Fagernes som gode døme. 

Laberg meiner Øvre Årdal har behov for mellom 50–60 nye parkeringsplassar. Difor reagerer han når politikarane i same møtet ønskjer å kompensere med eit bilfritt sentrum for tapet av Jotunplassen. Det var Hilmar Høl og Arbeidarpartiet som kom med det forslaget.

BILFRITT SENTRUM: Hilmar Høl og Ap kom med forslag om eit bilfritt sentrum som kompensasjon.
BILFRITT SENTRUM: Hilmar Høl og Ap kom med forslag om eit bilfritt sentrum som kompensasjon.

Bilfritt sentrum som kompensasjon

Saka var unnateke offentlegheit i møtet, men til Porten.no seier Høl at det er viktig å erkjenna at bygda har eit problem når det kjem til parkeringstilhøva. I møtet kom dei med forslag om å gjere parkeringsplassen utanfor senteret om til eit torg som kan nyttast til betre føremål med aktivitetar i nærleiken av Årdalsenteret.

– Slik kan ein byggja området opp for gåande og andre. Det er sagt at den parkeringa må vera der, men det er den som farleg å bevege seg på. Det er nesten farleg berre å køyra inn, seier Høl.

– Kan det vere lite hensiktsmessig å flytte parkeringsplassar lengre vekk frå butikkane, slik Laberg påpeikar?

– Den sjansen må me våga å ta. Eg skjønnar at butikkane vil ha parkeringa så nære som mogleg, men nokre val må me som politikarar gjere. Me må vise at me vil noko med sentrum anna enn å etablere butikkar også, seier han.

Opheim og MDG ville stenge allereie i sommar

Han får støtte av Sandra Opheim i Miljøpartiet Dei Grøne. Ho seier partiet hennar er positive til å flytte parkeringsplassar frå torget til Jotunplassen og at ho forsøkte å få den andre parkeringa lengst vekke frå senteret stengt allereie i sommar.

– Me ønskjer oss eit torg som er betre lagt til rette for gåande og syklande. Me trur også at det er folk og aktivitet på torget som vil få turistar til å stoppe, seier Opheim.

– Me ønskte å stengja den mellombelse parkeringa på torget framføre Gamleskulen når dei nye kjem på plass og samstundes skilte betre for å få bilistar til å nytte parkeringane i Elvavegen og ved ungdomshuset. Me fekk ikkje gjennomslag for å stengje den parkeringa allereie i sommar, men er likevel godt nøgde med at ei samla formannskap vil kompensere med eit bilfritt sentrum i området utanfor senteret. At Hilmar Høl og Ap kjem med forslag som vil føre til mindre bilar på torget i Øvre, tykkjer MDG er gledeleg, men me hadde helst sett at det skjedde samstundes med at dei nye parkeringsplassane kjem til.

KONSEKVENSAR: Terje Laberg er oppteken av at handelen får dei rammevilkåra han treng med parkeringsplassar i nærleiken.
KONSEKVENSAR: Terje Laberg er oppteken av at handelen får dei rammevilkåra han treng med parkeringsplassar i nærleiken.

– Må ikkje gå på bekostning av rammevilkåra til handelen

Laberg minner om at parkeringsplassane på Jotunplassen vil vere mellombelse og at område i utgangspunktet er regulert til næring. 

– Å gå ned i talet på parkeringsplassar vil få dramatiske konsekvensar for næringa. Det er sjølvsagt opp til kommunen om dei vil byggja eit grønt sentrum med bustad og lite handel eller om dei vil ha eit levande handelstilbod. Dette er politikk eg ikkje legg meg borti, men du får ikkje begge delar. I utgangspunktet er det flott å pynte opp sentrum, men det må ikkje gå på bekostning av rammevilkåra for butikkane, meiner han.

– Kva med parkeringsavgift som kan bli innført. Vil det då vere behov for så mange parkeringsplassar i framtida?

– Det er eit av dei tiltaka som kan begrensa langtidsparkeringa og skape rom for kundane. Difor er avgifta med to timar fri parkering til dømes ei god løysing som vil hjelpe. Det er målet. Men samstundes må ein byggja nye parkeringsplassar til dømes i Utladalen og Seimsdalen slik at folk kan setje frå seg bilen før dei går på bussen. 

Til toppen