STOR GRAVEJOBB: Gravemaskinene går for fullt på tomta rett i underkant av idrettsparken på Kaupanger. Her kjem det til hausten ein stor verkstad for bussar og lastebilar.
STOR GRAVEJOBB: Gravemaskinene går for fullt på tomta rett i underkant av idrettsparken på Kaupanger. Her kjem det til hausten ein stor verkstad for bussar og lastebilar.

Her kjem det bussverkstad til 40 millionar

Ny tilvekst til næringslivet på Kaupanger.

Kaupanger: Selskapet som no skal få nye lokale er Trucknor, ein forhandlar og merkeverkstad for lastebilar og bussar frå Volvo og Renault. I Sogn og Fjordane har dei hovudkontor på Sandane og avdelingar i Stryn, Årdal og Sogndal.

Nybygginga på Kaupanger betyr at Trucknor flyttar avdelinga dei hadde på billagstomta i Sogndal sentrum.

– Det er fordi leigeavtalen der gjekk ut og vi ønskjer å komme inn i meir effektive lokale, seier Rune Markussen, dagleg leiar i Rasmussen Eiendom, selskapet som står bak utbygginga.

EITT AV FLEIRE: Tilsvarande bygg som på Kaupanger blir no reist i Narvik.
EITT AV FLEIRE: Tilsvarande bygg som på Kaupanger blir no reist i Narvik.

Les også: Her har dei det første møtet om vitensenteret

Førebels har ikkje bygginga starta, men tidsrammene for ferdigstilling er ambisiøse.

– Eg torer ikkje å seie det heilt sikkert, men etter planen skal det skje 1. august, seier Markussen.

Verkstaden får ein storleik på 1 500 kvadratmeter, eller nesten to handballbaner, for å nytte ei aktuell samanlikning. Sjølve tomta er på nesten 11 000 kvadrameter og vil romme parkering i tillegg til verkstaden. Heile byggjeprosjektet kostar 40 millionar, inkludert tomta.

For Trucknor, som skal leige verkstaden, vert det eit stort løft å komme seg ut av sentrum.

– Lokala der hadde behov for store oppgraderingar. Og så blir det flott å få betre plass, lastebiltrafikken høyrer meir naturleg heime på Kaupanger. Ikkje minst blir det fine og flotte lokale for dei tilsette, seier Arvid Gimmestad i Trucknor Sogn og Fjordane.

FUNKSJONELT: Teikningane av fasadane gir eit inntrykk av korleis det heile blir sjåande ut. Illustrasjon: Rasmussen Eiendom.
FUNKSJONELT: Teikningane av fasadane gir eit inntrykk av korleis det heile blir sjåande ut. Illustrasjon: Rasmussen Eiendom.
Til toppen