ASFALT: Tre strekker langs E16 i Lærdal får no ny asfalt på grunn av slitasje. Kart/skisse: Statens vegvesen
ASFALT: Tre strekker langs E16 i Lærdal får no ny asfalt på grunn av slitasje. Kart/skisse: Statens vegvesen

Her kjem det ny asfalt

Statens vegvesen er i gang med vedlikehald på fleire strekker i Lærdal. 

I Lærdal er det E16 som er prioritert av vegstrekkene som skal vedlikehaldast på grunn av slitasje. Det gjeld mellom Steinklepp og Borgundstunnelen (ei lengde på 740 meter), på Steinklepp (3480 meter), og frå Voll bru til Tønjum (110 meter). 

Arbeidet tok til kvelden 31. april og desse tre strekkene skal vera ferdig asfaltert til 13. mai. Så skal vegen bli merka, fortel Arne Magnar Hauglund i Statens vegvesen. 

Hauglund fortel at Statens vegvesen har eit etterslep på vedlikehaldet på  fylkes- og riksvegar i Sogn og Fjordane, der det er snakk om store summar. Det økonomiske situasjonen i fylkeskommunen har ført til kutt i budsjetta dei komande åra, sjølv om det har vore løyvd bra med pengar dei siste åra. 

Heile lista over fylkes- og riksvegar i Sogn og Fjordane som skal asfaltserast i 2015 finn du her

Fullstendig kart over utbetringar av vegane i fylket dette året finn du her

Til toppen