VEGARBEID: Delar av sentrum i Øvre Årdal vert avstengt i ein periode i samband med legging av ny asfalt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEGARBEID: Delar av sentrum i Øvre Årdal vert avstengt i ein periode i samband med legging av ny asfalt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her kjem det ny asfalt

Delar av sentrum i Øvre Årdal har vore avstengt på grunn av vegarbeid.

Øvre Årdal: Dei siste dagane har delar av Storevegen vore stengt på grunn av vegarbeid. Måndag skal det leggast ny asfalt på strekninga mellom Fagmøbler og Expert. 

Akkurat no pågår det ei klargjering frå kommunen si side til asfaltverket kjem til Årdal måndag.

– Klokka 12.00 fredag kjem fresen og skal frese vekk og retta av køyrebana frå der me avslutta sist ved Fagmøbler og ned til Expert, forklarar Bjørn Indrebø, som er fagansvarleg på utedrift i Årdal kommune.

– Det me har gjort først er å løyse kummane og skal skifte dei. Så blir det fresa utover ettermiddagen i dag, og klokka 09.00 måndag kjem asfaltverket. 

Indrebø fortel at vegen då bli opna så fort arbeidet er ferdig. Når det gjeld helga, er det førebels litt usikker om det vert opna.

– Me gjer ei vurdering i dag. Dersom det går an å skifte kummane, opnar me opp att, elles ønskjer me å vente slik at ikkje nokon får bilen øydelagd. Er det ikkje forsvarleg, så stengjer me.

Til toppen