PLANANE KLARE: Skogen er rydda og detaljreguleringa er lagt ut på høyring. Det nye studenthuset i Sogndal vil bli bygt i skråninga mellom Fossbygget og det gamle gymnasbygget på Fosshaugane. Går alt etter planen kan bygginga starte om eitt år.

Her kjem det nye studenthuset i Sogndal​

Studentsamskipnaden skal flytte Meieriet frå sentrum til Campus.

Sogndal: Det har vore kjent ei stund at studenthuset Meieriet er på veg vekk frå sine gamle lokale i sentrum. No ligg det derimot konkrete flytteplanar på bordet og dei vart før helga lagde ut på høyring.

SISTE INNSATS: Å fullføre detaljreguleringa av det nye studenthuset i Sogndal er noko av det siste SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt gjer før ho går ut i ny jobb frå nyttår.
SISTE INNSATS: Å fullføre detaljreguleringa av det nye studenthuset i Sogndal er noko av det siste SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt gjer før ho går ut i ny jobb frå nyttår.

Etter planen skal studenthuset byggast i fem etasjar i den bratte skråninga mellom Fossbygget og Fosshaugane. Det vil koste omlag 35 millionar kroner og skal mellom anna innehalde konsertlokale, undervisingsrom, kafè og pub. 

– Vi er no på god veg til eit nytt studenthus, seier Randi Marie Sjøholt, direktør i studentsamskipnaden SISOF.

Les også: «Fosshaugane Campus» kan vere historie
Les også: Her er dei fem viktigaste punkta i Campusplanen

I framkant av studenthuset vil det komme eit lite gatetun med benkar. Her skal det mellom anna vere ein stor parkeringsplass for syklar og tilkomsten skal i første rekkje bli lagt til rette for gåande og syklande. Kafèen på toppen vil få ein takterasse der du kan sitte og skue utover bygda og fjorden.

DEL AV CAMPUS: Skissa er henta frå Campusplanen og viser moglege nybygg eller utvidingar i ferskenfargar, medan eksisterande bygg er markert i kvitt. Studenthuset er den høge og smale klossen som er teikna inn nedst og midt i biletet. Illustrasjon: Rodeo arkitekter/Sogndal kommune 

Håpet er at bygginga kan ta til om eit års tid. Studenthuset kan såleis bli det første av ei rekkje påtenkte signalbygg som skal møte deg når du kjem til Campus. 

Før den tid er det mange detaljar som skal på plass, ikkje minst kva det nye bygget skal heite. «Meieriet» er ikkje berre eit innarbeidd namn i bygda og studentmiljøet, men har òg vorte ei solid merkevare i konsert-Norge.

– Det kan godt tenkast at namnet følgjer huset, men det er det ikkje teke stilling til enno. Det er nok mange som vil meine noko om det, seier Sjøholt.

Til toppen