UNIK BRU: Den gamle brua over Store Sokni i Galdane på Kongevegen skal skiftast ut. Her har arbeidet med å få plass den nye starta. Foto: Jan Christian Jerving.
UNIK BRU: Den gamle brua over Store Sokni i Galdane på Kongevegen skal skiftast ut. Her har arbeidet med å få plass den nye starta. Foto: Jan Christian Jerving.

Her kjem ei unik bru på plass

Ei ni meter lang trebru skal setjast opp på Kongevegen etter Christopher Hammers veginstruks anno 1794 – med mest mogleg autentiske materiale og metodar.

Galdane: – Me er veldig nøgde så langt, seier anleggsleiar Willy Stenbekk saman med prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell Jan Adriansen.

Den siste solide tømmerstokken vart lagt på plass måndag ettermiddag. Her skal Store Sokni Bru koma på plass i Galdane. 

Les også: Nominert til EUs kulturminnepris

Heile denne veka, avhengig av kor mykje tid arbeidet tar, skal montering av ei ny bru foregå. Måndag vart materialet lyfte på plass med helikopter.

PLANLEGGING: Frå venstre Arne Stende, Jan Adriansen, Kjell Stende og Willy Stenbakk.
PLANLEGGING: Frå venstre Arne Stende, Jan Adriansen, Kjell Stende og Willy Stenbakk.

Kong Harald sitt monogram

Boltar og spikar er handsmidde på smedlinja på handverksskulen Hjerleid på Dovre, medan Arne og Kjell Stende i Alle Gode Ting Er Tre har stått for snikkararbeidet.

Brua blir full av historiske detaljar og litt eit skue under den vakre Soknefossen. Etter kvart skal brua få namn, årstal og Kongevegsymbolet hogd inn i fire endestolpar.

Frå Slottet er det gjeve godkjenning av at Kong Harald sitt monogram kan pryde brua, som også skal få sitt eige nummer i det norske bruregisteret.

Les også: Prisutdeling og feiring av Noregs vakraste veg

GAMLEBRUA: Slik såg den gamle brua ut.
GAMLEBRUA: Slik såg den gamle brua ut.

Postkort-bilete

– Me er stolte over å ha fått denne jobben, seier Kjell Stende.

– Me laga brua ferdig, merka stokkane med tal og bokstavar og skrudde ho ned at slik at det vart enklare for helikoptertransporten. Det hadde vore for tungvint å lage brua her på staden. 

– Når ho er ferdig, har eg stor tru på at dette blir eit flott postkortmotiv med Soknefossen som bakgrunn, legg han til. 

Til toppen