GRÜNDARAR FÅR NY BOLTREPLASS: Yngve Hallèn jobbar viser kvar det nye innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus vil kome. Bygget skal stå klart til neste år og vil etter planen ligge vegg i vegg med glassfasaden du ser i bakgrunnen.
GRÜNDARAR FÅR NY BOLTREPLASS: Yngve Hallèn jobbar viser kvar det nye innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus vil kome. Bygget skal stå klart til neste år og vil etter planen ligge vegg i vegg med glassfasaden du ser i bakgrunnen. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Her kjem innovasjonsbygget til Sogndal Fotball

Eit innovasjonsbygg til 50 millionar kroner skal gjere Sogndal til lokomotivet i eit veksande gründermiljø i Sogn og Fjordane.

Sogndal: Tanken var heilt frå starten at Fosshaugane Campus skulle romme meir enn berre skule og idrett. Men at det skulle verte ein magnet på unge og ambisiøse gründerar var noko dei færraste hadde sett for seg.

Verksemder som nLink, Falkeblikk, Rocketfarm, SGN Skis og Furberg Snowboards har sett Sogndal på gründerkartet. Den posisjonen ønskjer bygda å styrke gjennom eit innovasjonsbygg på 1500 kvadratmeter over tre etasjar. 

– Vi ønskjer at det skal bli etablert fleire slike grunderplassar rundt omkring i kommunane i fylket og at vi kan verte eit slags nav i det, seier prosjektleiar Yngve Hallén.

HAR PLANANE KLARE: Det nye innovasjonsbygget i svart kjem som eit tilbygg til Fosshaugane Campus. Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B.
HAR PLANANE KLARE: Det nye innovasjonsbygget i svart kjem som eit tilbygg til Fosshaugane Campus. Illustrasjon: Arkitektkontoret 4B.

Vil lette på plassmangelen 

Tanken er at minst halvparten av bygget skal vere reservert nye verksemder på veg opp og fram.

For saman med dei nye tilskota og dei store leigetakarane har det etter kvart blitt trangt om plassen på Campus.

– Det store er at det vil bli tilrettelagt gründerar, eit miljø der dei kan vere i ein dag, nokre veker, eller eitt år. At vi ikkje berre leiger ut på langsiktige avtalar, som ein normal huseigar ville ha gjort, seier Hallén.

I tillegg til kontorplass er tanken å kunne tilby kompetanse, gjennom å knyte til seg advokatar, patentkontor, regneskapsførarar og liknande.  

– Målet er å gjere det enklare for gründarar å få tak i slik hjelp, seier Hallèn.

Skal stå klart neste år

Han seier det finst tilsvarande plassar i Oslo som har signalisert at dei er interesserte i å samarbeide.

– Unge folk som startar bedrifter, dei sit ikkje alltid i ro. Nokon er interesserte i ski og har kanskje lyst til å ha kontorplass her ei veke. Samstundes har vi gründerar her som treng eit nettverk i hovudstaden eller kanskje andre plassar i inn- og utland. Det ønskjer vi å leggje til rette for, seier Hallèn. 

Målet er at alt skal vere klart til opning i oktober neste år.

– No er vi i sluttspurten, både når det gjeld å få på plass finansiering, leigetakarar og underleverandørar, seier Hallèn.

Til toppen