Snorklypping (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Sjå bilete

Her klypper dei snora for den splitter nye fjellovergangen til 1,6 milliardar kroner

Fredag var det vegfest på begge sider av fjellet i Vang og Lærdal. 

Lærdal: Fleire hundre blåfrosne menneske hadde møtt opp på 990 meters høgde for å feire at Filefjelltunnelen er ferdig bygt.

– Dette er over all forventning, vi hadde aldri sett for oss at det skulle komme så mange. Dette berre viser kor mykje veg betyr for folk, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Sjeldan stengt

Den totale kostnaden på prosjektet er på til saman 1,6 milliardar kroner og inkluderer 20 kilometer veg, der seks av dei går gjennom tunnel. Arbeidet starta i 2014 og i dag kunne dei feire at vegen mellom aust og vest er vesentleg meir framkommeleg enn før.

– Vi kan ikkje garantere at det aldri blir stengt i ekstremt vêr, men det blir svært sjeldan når vi no har fått denne tunnelen i tillegg, seier Odd Erik Haugen, prosjektleiar i Statens vegvesen for E16 over Filefjell.

Fjellblom musikklag frå Vang og Lærdal musikklag hadde slått kreftene i hop og markerte opninga med heftige tonar i tunnelmunningen. Dirigent Jan Erik Helleren kunne i det minste gå god for akkustikken:

– Flottast i Norge

– Det var nesten spennande å sjå kor lang tid det gjekk før lyden vart vekke når vi slutta å spele. Det hang godt i, konstanterer han.

Så var det tid for den obligatoriske snorklyppinga, før ei endelaus kortesje, leia av ei rekkje prangande veteranbilar, kunne ta den splitter nye vegen i bruk.

– Dette har blitt den beste, flottaste og mest vintersikre fjellovergangen i heile Norge, fortel ein nøgd Jan Geir Solheim.

Til toppen