TO VIDT FORSKJELLIGE SYN: Under dagens møte i kontrollutvalet til Fylkeskommunen stod fylkesrådmann Tore Eriksen (til venstre) fast på at han ikkje braut lova. Utvalsleiar Frank Willy Djuvik (Frp) har eit anna syn på saka. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
TO VIDT FORSKJELLIGE SYN: Under dagens møte i kontrollutvalet til Fylkeskommunen stod fylkesrådmann Tore Eriksen (til venstre) fast på at han ikkje braut lova. Utvalsleiar Frank Willy Djuvik (Frp) har eit anna syn på saka. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Her konkluderer dei med at lova vart broten 

Kontrollutvalet meiner fylkesrådmann Tore Eriksen kjøpte konsulenttenester i Fjord1-saka utan å følgje reglane for offentlege innkjøp.

Leikanger: Fylkesrådmannen meiner på si side at han ikkje har gjort noko gale. Men under dagens møte innrømte han at det er ting han kunne ha gjort annleis.

– Om eg skal vere etterpåklok kan eg seie at eg i for stor grad vart sittande åleine med dette. Prosessen vart større, lenger og meir komplisert enn venta. Vi hadde nok ikkje den juridiske kompetansen vi skulle hatt i fylkeskommunen, sa Eriksen ifølgje NRK.

Les også: Fylkesrådmannen braut anbodslova i Fjord1-saka
Les også: Fjord1-rådgjevarar fekk millionkontrakt utan konkurranse

Då Fjord1 i november i fjor vart seld til Torghatten kom rolla til konsulentane som hjelpte til med salet fort i søkelyset. Ifølgje Bergens Tidende fekk dei 20,6 millionar kroner for jobben, etter at dei sjølve hadde gitt råd om ikkje å leggje den ut på anbod.

Salet vart seinare stoppa av konkurransetilsynet fordi det ville føre til ei vesentleg avgrensing av konkurransen i marknaden for drift av ferjesamband i Noreg.

Leiar av kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp), seier til NRK at han er misnøgd med at fylkesrådmannen ikkje vil innrømme feil.

– Det er ikkje eit mål at rådmannen skal legge seg flat. Men det er eit problem å ikkje innrømme at ein har gjort noko gale. Då kan ein kome til å gjere det igjen, seier han.

Til toppen