PUBLIKUMSTEKKE: Her er det elevane på helsefag i Sogndal som blir testa i korleis dei utfører eit heimebesøk. Publikum følgjer spent med.
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
BRIEFING: Køyretøyelev Adrian Djupvik frå Førde må svare på spørsmål frå dommar Roald Standnes frå Bilbransjens Opplæringskontor i Sogn og Fjordane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
TOMMEL OPP: Litt sunn konkurranse gir berre futt og fart i undervisninga, trur Henry Arne Helle (til høgre), avdelingsleiar for dei tunge yrkesfaga på vidaregåande i Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
FEILSØKING: Mekanikar Eirik Ese på Frydenbø bilsenter i Sogndal testa kunnskapen til elev Vilius Janulynas frå Sogndal. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)
BERRE NESTEN: Adrian Moldestad og Jan Helge Husum jobbar konsentrert dei siste minutta før oppgåva skal vera ferdig. Det vart ho ikkje. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
(Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her konkurrerar elevane om kven som er best i yrkesfag: – Høg puls og full fart

Onsdag var det fylkesmeisterskap i yrkesfag i Sogndal. Håpet er at blesten rundt konkurransen skal lokka fleire til å velja yrkesfaga, som har slite med rekrutteringa dei siste åra.

Sogndal: – Heilt forferdeleg, seier Jan Helge Husum, data- og elektroelev ved vidaregåande i Sogndal.

Han har nettopp stirra uavbrote i ein dataskjerm i tre strake timar, berre avbrote av frenetisk trykking på tastaturet og nokre kjappe dialogar med makkeren. Dei kom ikkje heilt i mål med oppgåva.

BERRE NESTEN: Adrian Moldestad og Jan Helge Husum jobbar konsentrert dei siste minutta før oppgåva skal vera ferdig. Det vart ho ikkje. Foto: Halvor Farsund Storvik

No ventar dommen.

– Me vart kanskje litt hovmodige, eg og han eg jobba med. Me trudde me kunne dette her. Så byrja me å bu oss litt for seint og me testa ikkje alt me skulle, seier Husum.

Onsdag var han ein 133 elevar som i tjue forskjellige fag skulle konkurrera om kven som kan handverket sitt best. På spel stod både ære og ein plass i landsfinalen.

Sjølv om sjølvkritikken var nådelaus, likte Husum å få testa seg mot elevar frå andre plassar i fylket.

– Det heiter seg i skulen at me ikkje skal samanlikna oss med andre enn oss sjølve. Men akkurat i dag skulle me samanlikna oss direkte med andre. Det var interessant og veldig spanande, seier Husum.

Fører resultata i konkurransen på CVen

Yrkesfaga har dei siste åra slite med for dårleg rekruttering. Tanken bak fylkesmeisterskapen er å få vist fram yrkesfaga på ein spanande måte.

TOMMEL OPP: Litt sunn konkurranse gir berre futt og fart i undervisninga, trur Henry Arne Helle (til høgre), avdelingsleiar for dei tunge yrkesfaga på vidaregåande i Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Her er det høg puls, full fart og stor stemning, seier Henry Arne Helle, avdelingsleiar for dei tunge yrkesfaga på vidaregåande i Sogndal.

Helle seier konkurransen har bidrege til futt og fart i undervisninga òg, samt litt sunn konkurranse mellom skulane.

Prestasjonen har derimot ikkje noko å seia for karakterane.

– Men eg veit om elevar som har brukt det på CVen, når dei har gjort det godt på slike konkurransar, seier Helle.

Ute i garasjen står Adrian Djupvik frå Førde og sjekkar om verdiane stemmer etter avgassmålinga han tok frå eksosrøret på bilen. Dommaren følgjer han med eit strengt blikk, og kvir seg heller ikkje for å stilla spørsmål.

FEILSØKING: Mekanikar Eirik Ese på Frydenbø bilsenter i Sogndal testa kunnskapen til elev Vilius Janulynas frå Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Det er kjekt, men samstundes litt skummelt, seier Djupvik.

Meiner det er eit samfunnsansvar å snu trenden

Mannen med argusauga er Roald Standnes frå Bilbransjens Opplæringskontor i Sogn og Fjordane. Han trur fylkesmeisterskapet absolutt kan vera med på å auka interessa for yrkesfaga. Samstundes meiner han grunnskulen må ta eit enno større ansvar for å løfta dei fram.

– Dei tek litt for lett på dette med handverk. Det krev ganske mykje øving å bli ein god handtverkar og samtidig kunna bruka hovudet. Dette er noko me verkeleg må jobba med i heile samfunnet, seier han.

Like ved sidan av har Vilius Janulynas frå Sogndal nettopp funne ut kva som feilar ein gamal Audi.

– Det var kontakten til gasspjeldet som ikkje var kopla til. Og så var det nokre feilkodar på dataen som måtte fiksast, seier han.

Han tykkjer det er kjekt å bli utfordra på kva han kan og ikkje kan. Ambisjonar om ein landsfinale er detv for tidleg å tenka på.

– Eg tvilar på at eg kjem så langt. Men viss eg gjer det, så er det berre flott. Då skal eg gjera mitt beste og sjå kor langt eg kjem, seier han.

Der tok han feil, for Janulynas var ein av elevane av fleire elevar frå Sogndal som tok seg vidare. Sjå resten av vinnarane frå Sogn under:

Her er alle vinnarane frå Sogn:

Fag Vinnarar
Lette køyretøy Vilius Janulynas
Servitør Jorunn Fimreite Davidsen og Olav Mjell Hofsvik
Røyrleggar vg2 Hallvard Ødegård Bjørk
Betong Jakob Ruud
Salsfaget Amalie Grindedal, Sara Nygård Olsen, Martine Linde Hauglund og Julie Vindedal
Ventilasjon og blekkslager Olav Martin Ås
SALSFAG: Amalie Grindedal, Sara Nygard Olsen, Martine Linde Hauglund, Julie Vindedal. Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
BETONG: Jakob Ruud. Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
SERVITØR: Jorunn Fimreite Davidsen og Olav Mjell Hofsvik. Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
VENTILASJON OG BLEKKSLAGAR: Olav Martin. Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
RØYRLEGGAR: Hallvard Ødegård Bjørk. Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
LETTE KØYRETØY: Vilius Janulynas Foto: Mariel Hov Molland/Sogndal VGS
Til toppen