Her konkurrerer dei med eit smil om munnen

Sjå bilete frå årets vårstemne på Jotun stadion.

Årdal: Tjuefem store og små utøvarar var i går, onsdag, samla til det (v)årlege friidrettsstemnet på Jotun stadion.

Det vart konkurrert i høgde, lengde, 60 meter, 600 meter, liten ball og kule. Blant deltakarane var alt frå heilt ferske nybegynnarar til dei meir seriøse.

– Me er opptekne av at Jotun skal ha eit allsidig tilbod i mange idrettsgreiner. Det er mange som er med på friidrettstreningane som er med på andre idrettar, som handball og fotball, mellom anna for å få betre løpsteknikk, seier  Per Inge Bale, leiar i friidrettsgruppa til Jotun IL.

ALLSIDIG TILBOD: Det er viktig, meiner Per Inge Bale, leiar i friidrettsgruppa til Jotun IL.
ALLSIDIG TILBOD: Det er viktig, meiner Per Inge Bale, leiar i friidrettsgruppa til Jotun IL.

Les også: Borna leikar seg i form med Lærdal friidrett

Ei som snart passar i den kategorien er Kristine Moe Låksrud. Ho driv mest med handball, men er òg glad i friidrett, spesielt i å springe, kaste liten ball og hoppe.

– Det er ein av mine favorittsportar. Men eg går ikkje på friidrett enno, eg skal melde meg på seinare, fortel ho.

Etter dei to første øvingane stod ho med resultata tre meter i lengde og 10.3 på sekstimeter.

– Så eg slo rekorden i dag, seier ho.

I SVEVET: Kristine Moe Låksrud driv mest med handball, men kan tenke seg å starte med friidrett òg.
I SVEVET: Kristine Moe Låksrud driv mest med handball, men kan tenke seg å starte med friidrett òg.
Til toppen