Her lærer elevar i Luster datakoding på skulen - Porten.no
:
LÆRER AV KVARANDRE: Dei eldre elevane i Luster hjelper dei yngre når dei skal ta fat på programmeringa.
LÆRER AV KVARANDRE: Dei eldre elevane i Luster hjelper dei yngre når dei skal ta fat på programmeringa. (Foto: Jostedal skule)

Her lærer elevar i Luster datakoding på skulen

–  Det er morosamt å driva på med, seier ein av elevane, som ønskjer å ta programmering som valfag neste år.

Luster: Dei siste vekene før jul sette alle skulane i Luster av tid for at elevane skulle læra seg datakoding. Enkelt sagt er datakodar instruksane som ligg i botn for alle program og appar. Enno enklare sagt er det språket som gjer at datamaskina skjøner kva me vil at ho skal gjera for oss.

Tre av elevane som deltok var Mathilde Kristine Aspelund, Daniel Fimreite og Victoria Stein frå sjuande trinn på Hafslo barne- og ungdomsskule. I denne timen programmerte dei med utgangspunkt i spelet Minecraft.

INTENS KONSENTRASJON: Når du kodar er du nøydd til å følga nøye med på det du driv med. Små feil kan føra til store konsekvensar. Foto: Jostedal skule

– Me gjorde slik at figurar gjekk fram og bevegde på seg. For å få dette til å skje måtte me setta saman nokre blokker, seier Stein.

Har programmering som valfag

Hafslo er ein av to skular i kommunen som tilbyr programmering som valfag. Sidan elevane no går i sjuandeklasse kan dei velja dette allereie neste år.

Alle tre kan tenkja seg å læra meir om programmering og vurderer å ta faget neste år.

– Ja, det kan eg. Det er morosamt å drivs på med. Du lærer mykje og du skjønnar litt kor vanskeleg det var for dei som har laga spelet og har gjort at me kan spela Minecraft, seier Daniel.

Opplegget elevane var med på heiter Kodetimen, eller Hour of Code på engelsk, og er ein internasjonal kampanje med kjendisar som Barack Obama, Malala Yousafzai og Mark Zuckerberg i ryggen.

Full aktivitet på alle skulane

I år var elevane frå Luster blant over 92.000 elevar som deltok i Norge. Tanken er at dei skal læra å meistra datamaskina som eit kreativt verktøy og ikkje berre vera passive forbrukar av programma dei nyttar kvar dag.

På Jostedal oppvekstsenter fekk elevane på 5. til 7. trinn vera rettleiarar for dei yngre elevane, etter å sjølve ha gjennomført Kodetimen ei veke før.

På Veitastrond skule fekk elevane rettleiing frå ein tidlegare elev. Både Solvorn og Gaupne skule arrangerte Kodetimen med hjelp frå ungdomsskulen på Hafslo og i Gaupne, som begge tilbyr programmering som valfag.

 
Til toppen