GODE FORHOLD: Det går mot vår, men i fjellet er det framleis fine skiforhold. Med andre ord er det berre å ta skia fatt i helga og kome seg ut på tur. No har IL Jotun køyrt opp og stikka to turløyper i Fardalen. Foto Privat.
GODE FORHOLD: Det går mot vår, men i fjellet er det framleis fine skiforhold. Med andre ord er det berre å ta skia fatt i helga og kome seg ut på tur. No har IL Jotun køyrt opp og stikka to turløyper i Fardalen. Foto Privat.

Her lagar dei klar turløypene i Fardalen

IL Jotun har no køyrt opp og stikka to turløyper i Fardalen, fortel Anders Hestetun.

Fardalen: Det går mot vår, men i fjellet er det framleis fine skiforhold. Med andre ord er det berre å ta skia fatt i helga og kome seg ut på tur.

No har IL Jotun køyrt opp og stikka to turløyper i Fardalen. 

– Det er framleis godt med snø i høgfjellet sjølv om snøen har minka noko nede i dalen denne veka. Det blir køyrt løyper med trakkemaskin innover vegen til Murebrekka, så forholda skal bli bra i påsken, seier Anders Hestetun.

Frå Murane er det merka to løyper med oransje løypestikk. 

– Det er merka ei løype frå Murane og inn til varden i Langedalen.
Denne løypa går i lett terreng innover mot Kore-elvane og vidare inn til ein stor varde. Frå Skihytta er det totalt om lag 10 kilometer, fortel han. 

Finaste turen

Men den finaste turen er om du går om stølen Åsete og vidare til Murane, meiner han.

Artikkelen held fram under artikkelen.

TO TURLØYPER: IL Jotun har merka to løyper som kan nyttast framover til påske.
TO TURLØYPER: IL Jotun har merka to løyper som kan nyttast framover til påske.

– Dersom snøen har sett seg, er det lett å gå frå Skihytta og rett opp lia til Åsete. Her er det er merka med band så det er lett å finne fram. Då fleire går denne turen, er det oftast trakka sti så du kan gå på beina, men elles er det greitt å ha med trugar. Gå opp i akebakken og vidare opp lia frå Skihytta til Åsete. 

– Frå Åsete er det køyrt og stikka turløype innover dalen mot Bandet i Austabotten. Her har du eit utruleg fint utsyn innover i Vest-Jotunheimen.
På Bandet er du på det høgaste punktet på turen – 1280 meter.

Spektakulær utsikt

Herfrå kan ein sjå mange av dei høgste og mest alpine tindane våre. Du kan mellom anna sjå Storen, Ringstindane og Austabottentindane. 

– Når du kjem frå Åsete mot Murane er det fin nedkøyring mot Sletta i Austabotten og vidare ned på Murane. Frå Murane er det stikka med blå stikk ned i den preparerte løypa som går vidare ned dalen til Skihytta.

Strekninga Skihytta - Murane - Åsete er om lag 13 kilometer. 

Til toppen