STJERNELAG: Ine Tvedt Kristiansen (til venstre) skjønar ikkje fleire gjer som dei og produserer julestjerna utan sprøytemiddel.
STJERNELAG: Ine Tvedt Kristiansen (til venstre) skjønar ikkje fleire gjer som dei og produserer julestjerna utan sprøytemiddel. (Sigrid Skjerdal/NRK)

I Aurland lagar dei Norges einaste økologiske julestjerne

Sogn jord- og hagebruksskule produserer norges mest populære juleplante heilt utan sprøytemiddel.

Aurland: I omlag fire år har dei produsert julestjerner og selt dei gjennom gardsbutikken på skulen. På den tida har den økologiske utgåva rokke å bli eit populært innslag blant pynten i heimar rundt omkring i Sogn i desember. I år har dei heile sju hundre plantar klare til julesalet .

– Målet er å få selt alt saman, seier gartnar Ine Tvedt Kristiansen.

Brukar nyttedyr mot skadedyr

Ho fortel at den økologiske planta skil seg ved den vanlege ved at det ikkje er brukt kjemiske stoff, verken mot skadedyr eller for å hindra at planta veks seg for høg. Jorda dei plantar ho i er òg økologisk.

– I staden brukar me kun nyttedyr mot skadedyr, fortel Tvedt Kristiansen.

Nyttedyr er til dømes insekt som gjer same nytten som kjemiske stoff, utan å vera skadeleg for verken natur eller menneske. Tvedt Kristiansen synst ikkje det gjer jobben med å få fram flotte planter noko vanskelegare:

Meiner fleire burde ta sjansen

– Det finst gode sortar som ikkje har sterk strekningsvekst, det vil seia at dei er naturleg kompakte og ikkje veks seg så høge. I tillegg er forskinga kome langt på å bruke nyttedyr på skadedyr, noko som har blitt mykje vanlegare å gjera, seier ho.

Då dei byrja var det nettopp for å visa at fleire kunne lukkast med det same. Kvifor ikkje fleire då har slengt seg på bølga har ho ikkje noko godt svar på.

– Det lurer eg òg på. Det kan hende nokon går og tenker på det, men ikkje tør ta steget. Det krev litt risiko, for viss du får eit skadedyr, så er det litt krise. Men me har aldri hatt det problemet, så kva som stoppar dei, det veit eg ikkje. Dei fleste burde vite at det går an, seier Tvedt Kristiansen.

Til toppen