Sogndal: – Etter eit svært godt samarbeid med grunneigarane, ein fantastisk entreprenør som stiller med masse dugnadstimar, og administrasjon og dugnadstimar frå Turlaget og Bratt moro, er me klare til å få parkeringsplassane ferdige før vinteren kjem, seier Kari-Anne K. Strandman, styreleiar i Bratt Moro.
Laurdag starta arbeidet med å laga åtte til ti parkeringsplassar ved vegen opp til gardane på Fretland i Sogndalsdalen. Dette er utgangspunkt for turar i området, særskild skiturar på toppen Tylderingen.

– Gøy å få til slike tiltak på dugnad
– Dette har alltid vore ein populær topp for dei lokale, og med auka fokus og interesse for friluftsliv i bygda generelt dei siste åra, er det mange som har oppdaga denne fine lågterskelturen, seier Strandman.
Men populariteten har også skapt utfordringar:
– Sist vinter såg me spesielt problem når mjøllkebilen skulle fram, forklarar ho.
Med velviljuge grunneigarar og entreprenør Jon Hillestad på laget, fekk Bratt Moro og turlaget i gang eit samarbeid om å laga parkeringsplassane:
– Det er spesielt gøy å få til slike tiltak på dugnad, me jobbar alle mot eit felles mål om å få folk ut i naturen, seier Kjell Kvåle i Bratt Moro.