Framlegging:  Frå venstre: Torbjørn Nævdal (Statsbygg), Karianne Bergheim (Fungerande rektor Høgskulen i Sogn og Fjordane), rådmann Jostein Aanestad i Sogndal, Yngve hallen (Sogndal Fotball) og Jan Tore rosenlund (Sogn og Fjordane fylkeskommune) la fram campusplanen klokka 14 i dag. Foto: Halvor Farsund Storvik
Framlegging:  Frå venstre: Torbjørn Nævdal (Statsbygg), Karianne Bergheim (Fungerande rektor Høgskulen i Sogn og Fjordane), rådmann Jostein Aanestad i Sogndal, Yngve hallen (Sogndal Fotball) og Jan Tore rosenlund (Sogn og Fjordane fylkeskommune) la fram campusplanen klokka 14 i dag. Foto: Halvor Farsund Storvik

Her legg dei fram store campusplanar

Plan med fleire moglege utvidingar og nye element på Fosshaugane Campus blir lagd fram. Sjå liste over kva som konkret kan koma på Fosshaugane.

Sogndal: Med utgangspunkt i planen har eigargruperinga vedteke ein handlingsplan for å gjennomføre ulike fellestiltak, som skal styrkje både den enkelte aktivitet og fellesskapet, går det fram av ei pressemelding.

– Større enn draumen

Ideen Fosshaugane Campus vart født i 2001. For nøyaktig 10 år sidan, i juli 2006 opna Stadionbygget, som var første steget på ny infrastruktur på Fosshaugane. Over 1,5 milliard er investert i infrastruktur i området, men også mange nye verksemder, fagområder og fellesprosjekt er etablert etter opninga for 10 år sidan.

<strong>Nytt:
<strong>Nytt:

I desember 2014 bestemte eigargrupperinga, beståande av Statsbygg, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogndal Kommune og Sogndal Fotball å ta eit steg vidare.

– No har snart alle partane sine bygg på plass, og då er det viktig å fokusere på samhandling og innhaldsutvikling. Det er det viktigaste med denne planen, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal Kommune.

– Dokumentet er i realiteten eit arbeidsverktøy der fokusert er på kva utvikling vi kan skape på Fosshaugane og på utvikling og fellestiltak vi ønskjer oss framtida, understrekar Jan Tore Rosenlund, eigedomssjef i Fylkeskommunen.

Av sjølve plandokumentet er følgjande moglege utvidingar og nye element på Fosshaugane Campus nemnde:

Byggjetrinn 1:

  • Innovasjonsbygg som er under prosjektering og vil med si sentrale plassering ha ein viktig effekt på utviklinga av Fosshaugane ved at det vender seg mot plassering, og det har utoverretta funksjonar på bakkeplan på lengre sikt 
  • Gymnasbygget har gode sjansar for å tilføre Campus nye utoverretta funksjonar og møteplassar for kunnskapsdeling.
  • «Stripa» bør utviklast som ei intern gate med høve til opphald og sosialisering (eigar Sogndal Fotball). 

Byggjetrinn 2:

  • Utviding av Sognahallen – handballarena vil vera strukturerande på både parkeringsløysingar og samanbinding mot Aktivitetsplassen 
  • Tribunebygget på Kvåle stadion kan erstattast med nytt og større bygg knytt til stadionfunksjonar
  • Tomt ved Ingafossen kan utviklast som signalbygg ved inngangsportal som f.eks. studentbustader
  • Plassen ved Trolladalen kjem ikkje til sin rett og bør omdisponerast som utviding av vidaregåande skule og eit signalbygg 
  • Skotet – har stort potensial for forbetring og auka utnytting 
  • Guridalen – sjansane for studentbustader bør undersøkjast nærare. Enkelte tomter står ubygde og har avgrensa verdi som ordinære bustader pga. dårlege sol- og tilkomstforhold
  • Studenthus (Ciderhuset) som erstatning for Meieriet i sentrum. Studenthuset kan kombinerast med lager, utleige, verkstad for studentane
  • Fortetting langs Fossvegen for å knyta sentrum og campus betre saman. 

Byggjetrinn 3:

  • Kvåle skule – utviding av skulen, symjehallen eller barnehage 
  • Svingen – nytt bygg gir høve til auka fortetting og utviding av p-kjellar. Bør sjåast i samanheng med å erstatta Guridalsbygget med tanke på felles garasjeanlegg 
  • Guridalsbygget – vert føreslege erstatta med to fløyer over ein felles sokkeletasje over 1-2 plan. Sokkelen tek opp terrenget og gir høve til å byggja p- kjellar med tilkomst frå Guridalen. Fløyene sine opningar mot aust gir utsyn, medan sokkelen på bakkeplan er med og etablerer ein tydelegare gatestruktur 
  • Studentbustader som transformasjon av eksisterande bustader 
  • Studenthus som front ved tilkomst frå Fossvegen 

Byggjetrinn 4:

  • Lunnamyri 8-12 – transformasjon av bustader til campusrelaterte formål for å få ei klarare avgrensing av campus og høve til å binda saman heile kvartalet 
  • 2 Ei utviding av SVGS mot Trolladalen. To fløyer som kan knytast til eksisterande anlegg og tilbygg på nybygg 
  • 3 Trolladalen 20 -24 – transformasjon av bustader til campusrelaterte formål 
  • 4 Nytt Gymnasbygg som i større grad tek opp overordna strukturar og romlege element 

Artikkelen held fram under biletet

<strong>2.0:
<strong>2.0:

– Vi sa i starten, for 10-15 år sidan, at vi skulle bygge draumen vår. Det handla om å skape det beste utviklingsmiljøet i Noreg, om lysta til å lære av kvarandre, om ungdom og entreprenørskap og framtida til fylket. Om vi ser kva Campus inneheld i dag kan vi vere stolte. Samhandlinga og bidrag frå stadig nye miljø har skapt noko større, seier Yngve Hallén frå Sogndal Fotball.

"Campusplan"

– Planen er dynamisk og ikkje en statisk rapport. En stor del av dokumentet handler om infrastruktur og utvikling av den. Her vil det kome endringer, parallelt med at dokumentet vil utviklast vidare i tråd med faglege, samfunnsmessige og politiske endringar. At det no er utarbeida ein campusplan for Fosshaugane er viktig som ramme for vidare utvikling av høgskulen i samspel med andre samarbeidspartnarar, og som innspel til kommunalt planarbeid. Vi ser frem til eit framleis godt samarbeid i eigargruppa, seier regiondirektør Torbjørn Nævdal i Statsbygg.

– Samarbeidet på Campus er viktig. At vi utviklar felles handlingsplanar vil styrkje oss både som studiestad og for totalen. Med dei strukturelle endringane som no skjer i vår sektor og elles er det stadig viktigare med lokal samhandling og utvikling, seier rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Planen vart lagt fram offentleg på pressekonferanse klokka 14.00 i Flostova på Campus i dag.

Til toppen