SISTE FINPUSS: No gjer Årdal Danseverkstad dei siste førebuingane før fylkesturnèen til Dans Utan Grenser kjem til bygda i helga.
SISTE FINPUSS: No gjer Årdal Danseverkstad dei siste førebuingane før fylkesturnèen til Dans Utan Grenser kjem til bygda i helga.

Her legg dei siste finpuss på danseshowet

Dei har øvd i eit år. På søndag skal dei vise fram alt dei har lært.

Øvre Årdal: På søndag kjem fylkesturnèen til Dans Utan Grenser til Årdal. Dans Utan Grenser er organisert rundt femten danseverkstader, dei fleste i Sogn og Fjordane, og byggjer på prinsippet om at unge lærer best av andre unge.

Årdal Dansveverkstad har 78 elevar i alderen seks til tolv år og fem unge instruktørar. Dei har no jobba snart eitt år med å førebu showet på søndag.

Instruktørane seier framgangen har vore formidabel.

– Oj, det er stor forskjell! Det er utruleg kor mykje dei har lært, dei er utruleg mykje flinkare enn dei var i begynnelsen, seier ein av dei, Karoline Kvåle Låksrud.

Les også: Dansar utan grenser

UNGE INSTRUKTØRAR: Desse jentene har ansvaret for å instruere ein heil flokk av unge dansarar. Frå venstre: Sofie Øren, Sofie Veum Forthun, Karoline Kvåle Låksrud og Thea Øren.
UNGE INSTRUKTØRAR: Desse jentene har ansvaret for å instruere ein heil flokk av unge dansarar. Frå venstre: Sofie Øren, Sofie Veum Forthun, Karoline Kvåle Låksrud og Thea Øren.

– Vart kasta ut i det

Med så mange ungar å halde styr på, seier det seg sjølv at det byr på visse utfordringar.

FARGERIKT: Heile scena er full av dansarar som gjer sine siste førebuingar til førestillinga i helga.
FARGERIKT: Heile scena er full av dansarar som gjer sine siste førebuingar til førestillinga i helga.

– Eg har første klasse, så det er det no litt tull av og til. Det er ikkje alltid dei heilt høyrer etter kva eg seier, men det går no bra, seier Sofie Veum Forthun.

Sofie Øren har alltid vore glad i dans, men hadde eigentleg aldri sett for seg å bli instruktør.

– Me vart eigentleg berre kasta ut i det. Så prøvde me oss og me fann jo ut at det var veldig morosamt. Så då fortsatte me, seier ho.

Førestillinga er utseld

No har dei hatt si siste øving saman. På søndag skal dei framføre på heimebane. Dagen før er det framsyning i kulturhuset i Sogndal. Det er allereie klart at salen kjem til å bli stappande full.

Men jentene forsikrar om at nervene er under kontroll.

– Me blir eigentleg berre veldig glade, for me venta eigentleg at det skulle komma langt færre folk enn der me har vore til no, som i Florø og Førde og sånn. Så då blei me eigentleg berre veldig glade når me fekk høyra at det kjem mange folk, seier Thea  Øren.

Til toppen