PÅ TOPP AV STATISTIKKEN: Er du fødd her har du gode odds for eit langt liv. Foto: arkiv. 
PÅ TOPP AV STATISTIKKEN: Er du fødd her har du gode odds for eit langt liv. Foto: arkiv. 

Her lever dei lengst i landet​

Den gjennomsnittlege sogndølen kan forvente å leve til ein alder av 82,3 år.

Sogndal: Det er Kommunal Rapport som har plukka tal frå Statistisk sentralbyrå og kome fram til dei kommunane med høgast og lågast forventa levealder i Norge.

TIL TOPPS: Fysisk aktivitet er viktig for helsa. Her opnar ordførar Jarle Aarvoll klatrepark på Trudvang skule i Sogndal.
TIL TOPPS: Fysisk aktivitet er viktig for helsa. Her opnar ordførar Jarle Aarvoll klatrepark på Trudvang skule i Sogndal.

Sogndal tronar på toppen i lag med Gloppen, Radøy, Kvam og Lindås med ein forventa levealder ved fødsel på 82,3 år.

– Det er ein positiv statistikk, men me må kvar enkelt i størst mogleg grad ta ansvar for vår eiga helse. Der har vi alle heilt sikkert ein del å gå på, ògså ordføraren, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal.

Les også: Sogndal kan passere 8 000 innbyggjarar.

Heilt nedst finn vi Søndre Land kommune i Oppland. Her er forventa levealder berre 77,8 år, altså 4,5 år kortare enn i Sogndal.

Deler vi opp etter fylke og kjønn er det kvinner frå Sogn og Fjordane som kjem best ut. Dei kan forvente å leve i 85,2 år, medan menn i Finnmark er avspist med 77,2 år. Likevel er det slik at levealderen til menn og kvinner nærmar seg kvarandre.

Til toppen