Her må du bu på deg på venting

Her må du bu på deg på venting

Vegvesenet skal utføra fjell- og issikring, vegen blir opna kvar heile time.

Årdal: Tysdag startar Statens vegvesen opp sikringsarbeid på fv. 53 Jåteli, mellom Øvre Årdal og Holsbru.

Entreprenør skal utføre fjell- og issikring på strekninga. Det skal reinskast, boltast og monterast issikringsnett i skjeringane.

Arbeidet startar 14. juni  og vil vare til 8. juli.

Arbeidstid vil vere: måndag til laurdag kl. 7.00 – 18.00

Vegen vert opna kvar heile time og for rutegåande trafikk. I tillegg kan utrykkingskøyretøy passere på kort varsel, opplyser Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Til toppen