Lærdal: – Arbeidet er sett opp å vara til 6. mai. Så er det ikkje sikkert dei brukar så lang tid, seier autorisert trafikkoperatør i Statens Vegvesen, Roger Nedberge Hille.
Strekninga er ikkje lang; frå vekta nokre hundre meter ovanfor Joker Ljøsne og rundt svingen på nedsida. Her er berre ei køyrebane open, og trafikken blir regulert med trafikklys.
– Berekna ventetid er to minuttar, seier Nedberge Hille.
Såleis er ventetida så kort at lysreguleringa ikkje er opplyst om på vegvesen.no
Grunnen til innsnevringa er at entreprenør jobbar med å forsterka ein mur som var i ferd med å rasa ut på strekninga.
– Det vil ikkje vera arbeid og såleis ikkje lysregulering i verste påskerushet, seier Nedberge Hille.