VENTING: Slik kjem det sannsynlegvis til å sjå ut ved Fodnestunnelen måndag når det skal utførast vedlikehaldsarbeid. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
VENTING: Slik kjem det sannsynlegvis til å sjå ut ved Fodnestunnelen måndag når det skal utførast vedlikehaldsarbeid. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Her må du rekna med ventetid

Skal du ferdast på riksveg 5 i dag, kan det bli noko venting.

Det skal nemleg utførast vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen store delar av måndagen.

Det melder Statens vegvesen i ei trafikkmelding. Dei skriv at vegarbeidet vil starte opp 11.00 og halde fram til 19.00 i kveld.

Dei som skal gjennom tunnelen i dette tidsrommet må rekne med rundt 20 minuttar med venting før dei får sleppe gjennom.

Til toppen