VEDLIKEHALD: Måndag pågår det vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen. Også andre stader i Indre Sogn skal det vere vedlikehaldsarbeid. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
VEDLIKEHALD: Måndag pågår det vedlikehaldsarbeid i Fodnestunnelen. Også andre stader i Indre Sogn skal det vere vedlikehaldsarbeid. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Her må du rekne med venting

Vedlikehaldsarbeid på fleire tunnelar i regionen. 

Fodnes: Trafikantar i Indre Sogn må smøre seg med tolmod dersom dei skal ut på farten dei neste dagane. Fleire stader må ein rekne med ventetid på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Mellom anna pågår det arbeid i Fodnestunnelen måndag. Dette skal berre foregå fram til 15.00 i dag, men i denne perioden kan det bli venting på opp mot 30 minutt.

På fylkesveg 53 skal det arbeidast i Timreskredtunnelen dei neste dagane. Også her er det snakk om vedlikehaldsarbeid frå 08.00 om morgonen til 16.00 om ettermiddagen. Her kan ein også ende opp med å vente i 30 minutt.

Elles er det verdt å merke seg at Råaberget på fylkesveg 55 i Luster vert stengt i opptil ein time på grunn av vegarbeid. Dette arbeidet pågår frå 07.00 til 18.00 måndag til laurdag. Det er passering kvar time og når rutetrafikk passerer. Dette arbeidet pågår fram til 21. oktober. 

Til toppen