Sogndal: Førre veke starta Sogndal skisenter montering av ny barneheis i Rindabotn. Allereie neste veke ventar dei å vera ferdige med bygginga, men når trekket kan takast i bruk er framleis usikkert.

– Det er mange x-faktorar. Det siste som skal skje er at Jernbanetilsynet skal godkjenna trekket. Når dei har tid til å ta turen heilt frå Trondheim, det veit me ikkje, seier Per Odd Grevsnes, som er dagleg leiar ved skisenteret.
Han seier eit slikt trekk er brikka som har mangla for å kunne gje eit skikkeleg tilbod til barnefamiliane.
– Det er snillare og eit trekk som er enklare å bruka enn det me har i dag. Det gjer òg mogleg å ha ope barnetrekket i Rindabotn, dei dagane me har ope der midt i veka, seier Grevsnes.
Han fortel at skisenteret får stadig fleire gjester med små ungar. Difor blir det stadig viktigare å tilfredstille den kundegruppa.
– Det er ein veldig tydeleg trend me ser. I tillegg er satsingsområdet vårt no i Rindabot og me ønskjer å få meir aktivitet der oppe. Når Dalaloven kjem vil me òg få eit servicebygg der, så dette er eit ledd i den utviklinga, seier Grevsnes.
Bygginga av Dalalåven skal etter planen starta allereie når snøen forsvinn, opplyser han.