MØTEPLASS: – Me kan ikkje berre tenkja på turistar, me må også tenkja på dei som bur i Aurland, seier Frank Westad, som ønskjer å skape ein møteplass av Aurlandsvangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
MØTEPLASS: – Me kan ikkje berre tenkja på turistar, me må også tenkja på dei som bur i Aurland, seier Frank Westad, som ønskjer å skape ein møteplass av Aurlandsvangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Her ønskjer han å skape ein møteplass

– Me kan ikkje berre tenkja på turistar, me må også tenkja på dei som bur i Aurland, seier Frank Westad. 

Aurland: Den nye rådmannen i Aurland er framoverlent i tankegangen. Sjølv om han berre skal vere i jobben fram til 1. april, er det tydeleg at han ønskjer å skape noko før han forlet posten.

Difor har han starta som har fått namnet «Møteplassen», der målet er å utvikle og styrke Aurlandsvangen som stad. Westad omtalar området som indrefileten og jobbar no for å knyte folk saman om prosjektet. 

– Namnet er ikkje tilfeldig. Me ønskjer å skapa ein plass for folket, samt ha fokus på bustadutvikling og næringsutvikling. Etter kvart vil me sjå om det er mogleg å få til noko knytt til reiselivet, men det kjem som neste steg, fortel Westad. 

Han syner fram ein power point-presentasjon, der han har trika og miksa med bileta for å syne korleis det kan sjå ut dersom ein får dette til. 

Politisk forankring

Torsdag skal prosjektet opp til handsaming i kommunestyret, der han ønskjer å få det forankra politisk. Først og fremst handlar dette om å gjera området langs sjøen meir attraktivt.

– Der har me ingenting. Kva kan me få til her? Me er i dialog med ulike aktørar for å hente inspirasjon, og me er på utkikk etter investorar. 

Aurland Ressursutvikling er allereie med i biletet. Det same er Schage Eiendom. Begge vert sett på som aktuelle investorar. Dessutan er det oppretta dialog med fleire aktørar i området, mellom anna styret i Aurland Kjøle- og fruktlager, som sit på eit heilt sentralt bygg i utviklingsområdet. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORE PLANAR: Frank Westad kviler ikkje eit sekund og ønskjer å skape noko stort på Aurlandsvangen.
STORE PLANAR: Frank Westad kviler ikkje eit sekund og ønskjer å skape noko stort på Aurlandsvangen.

Kva området elles kan innehalde, kan vere så mangt – leikeapparat, treningsapparat, ein plass å sitja, eit bygg for næring og bustad. Området skal også vere bilfritt. 

Leiligheter

I power point-presentasjon er lageret erstatta med eit trehus som sklir rett inn i det maritime biletet. Første etasje kan innehalde næring, medan etasjane over skal innehalde leiligheiter. 

– Korleis skal alt saman finansierast?

– Det er eit viktig spørsmål. Økonomi må vere med for at dette skal vere berekraftig, og her kjem eg tilbake til dette med leiligheiter, at det skal vere med på å reise bygg. Byggjer ein hus, må ein ha leiligheiter. Det skal ein tene på for å kunne ha fornuftig utleigepris i 1. etasje, der ein skal ha rom for næring. 

Men for å få plass til eit slikt bygg, må gjerne eit anna fjernast. Det er her kjøle- og fruktlageret kjem inn i biletet. 

– Eg vil ikkje bruke ordet hindring, men det er mange som meiner dette bygget bør vekk, seier rådmannen.

Unngå luftslott

Elles vil ikkje reguleringsplanar vere noko hinder her. Tanken er også å nytte seg av tidlegare planar for å kome fram til gode løysingar.

– Korleis skal ein unngå at dette berre blir nok ein plan for Aurlandsvangen?

Artikkelen held fram under biletet.

TOMT: I dag er det lite å sjå nede ved sjøen på Aurlandsvangen.
TOMT: I dag er det lite å sjå nede ved sjøen på Aurlandsvangen.

– Det er god involvering, at ein har på plass investorar, og at ein lagar eit produkt som har god økonomisk forankring og berekraft i seg. Det har vore fleire planar, det stemmer, men slik eg ser det ikkje vore økonomi til drift og investering. Difor jobbar me hardt for å få dette på plass, elles blir dette berre eit luftslott, svarar Westad, som seier det er viktig at ein har ein plan for heile området og ikkje berre set i gong med noko. 

– Eit løft for kommunen

No er neste steg at Aurland Ressursutvikling opprettar eit aksjeselskap med føremål å utvikle Aurlandsvangen. Deretter må ein få alle til å dra i same retning, og dessutan må nokon betale for det.

– Dette blir eit kjempeløft for kommunen. Me kan ikkje berre tenkja på turistar, me må også tenkja på det som bu her. 

– Kor mykje vil det koste?

– Det er vanskeleg å seie. Når me allierer oss med profesjonelle eigedomsutviklarar som Schage, og dersom dei går saman med Aurland Ressursutvikling og løftar prosjektet, så kan me vere tilretteleggjarar. Det er ikkje kommunen som skal løfte det, men vere pådrivar og få folk til å snakke saman. 

Til toppen