PÅ FLYTTEFOT: Vinmonopolet er på flyttefot og har søkt om å få flytte inn på Årdalsenteret i det tomme lokalet mellom Freequent og Årdal Mote. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ FLYTTEFOT: Vinmonopolet er på flyttefot og har søkt om å få flytte inn på Årdalsenteret i det tomme lokalet mellom Freequent og Årdal Mote. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her ønskjer Vinmonopolet å flytte inn

Men det er med forbehold om kommunal godkjenning.

Årdal: Vinmonopolet er på flyttefot. I haust annonserte dei at dei var på jakt etter nytt lokale. Pressekontakt Jens Nordahl stadfestar no at dei har underteikne kontrakt med Årdalsenteret og ventar på kommunal godkjenning. 

– Søknaden vart oversendt til kommunen 3. februar. Når dei handsamar saka, ligg alt til rette for at me får flytta butikken i løpet av våren, og me reknar med den nye butikken opnar i juni, seier han utan å fastslå eksakt dato.

Først skal saka handsamast politisk, men ifølgje Nordahl er det ikkje kome fram negative haldningar til flyttinga per dags dato. 

– Med utgangspunkt i tilsvarande prosessar i andre kommunar, har eg ikkje kjennskap til at det har kome fram så mykje motvilje at det har påverka vedtaket. All empiri tilseier at så lenge saka har kome så langt utan motvilje, så pleier det å vera ein formalitet, men det er med forbehold, seier han vidare.

– Ein fordel for senteret

Yvonne Romøren, som er senterleiar for Årdalsenteret, kan også stadfesta flyttinga. Ho er glad for at dei ny får liv i eit lokale som har stått tomt sidan Cleopatra vart lagt ned for drøye seks månader sidan.

– Me har jobba aktivt med å få inn ein erstattar og er veldig positive til at Vinmonopolet vil inn på senteret, seier ho. 

Butikken i Årdal er ein av dei mest stabile i landet med rundt 80 000 selde liter i året. Det i seg sjølv meiner Romøren er viktig.

– Det er absolutt ein stor fordel både for dei å koma inn på senteret, og for butikkane elles på senteret. Heile pakka blir komplett med eit Vinmonopol. Eg meiner eit senter burde ha eit Vinmonopol. Det er noko alle senter ha, difor meiner eg det er naturleg at dei er her inne.

Same vareutval

Går søknaden gjennom, flyttar Vinmonopolet altså den korte vegen over Storevegen til senteret. Nordahl forklarar kvifor.

– Det er slik at me pussar opp butikkane våre kvart 10. og 15. år, og no var turen komen til Årdal. Då tar me på oss kundebrillene og ti-årsbrillene og prøver å sjå inn i framtida. Me får i oppgåve frå sentrale myndigheiter at me skal ha nøgde kundar og utvikle oss i takt med forventningar og behov. Ein del av servicepakka er plassering, forklarar han.

– Både byar og lokalsamfunn er organiske. Handelen flyttar seg langsamt og gradvis, og då vurderte våre folk at det ville vera ei noko betre plassering i Årdalsenteret sett med kundane sitt ønske.

Han fortel vidare at fordi butikken er så stabil, blir ikkje storleiken endra på og vareutvalet blir framleis det same. 

Til toppen