Her opna dei det nye klubbhuset i Lærdal

Klubb- og skyttarhuset i Lærdal forsvann i brannen i januar 2014. To og eit halvt år etter kunne dei endeleg erklære det nye for opna. 

Lærdal: Laurdag var alle som har hatt ein finger med på den nye storslåtte klubbhuset med på opninga. 

Den 18. januar 2014 var dette ein av bygningane som vart slukt av flammane, men no, rundt 2,5 år seinare, er bygget gjenreist og står klart til bruk – ikkje ein dag for tidleg, vil kanskje mange meine. 

Sjå fleire bilete frå opninga i galleriet øvst i artikkelen.

For etter ein brutal slutt denne vinterkvelden, venta ei hektisk tid med amper stemning som leiar for sameiget for det nye bygget, Jarle Offerdal, skildrar det. 

– Det var ei hektisk med amper stemning, som til tider kunne samanliknast med eit stormfullt seglas på ope hav, sa han.

– Då forsikringsoppgjeret vart landa, og alle prosessar rundt planar, tomt og anbod var ferdig, kunne endeleg spaden stikkast i jorda i august i fjor.

Merka det på rekrutteringa

Sidan hausten 2014 har dei stått på for at dette skal gå i orden. Til jul løyste det seg, og då var tida knapp for dei totalt fire laga som eig huset å einast om korleis det skulle sjå ut innan frista for å søka spelemidlar gjekk ut 15. januar.

– Me har merka det på aktiviteten, som har gått ned når dei ikkje har ein plass å trena. Det er ikkje like mange deltakarar på stevne samanlikna med før brannen, seier han om dei aktive som driv med skyting, sa Offerdal då han gav Porten.no ein status i januar i år. 

Det nye bygget ligg omtrent på same stad som det førre, men det er 120 kvadratmeter større, som gir ei totalflate på 600 kvadratmeter. 

Skyttardelen i sameiget er delt i tre med Tønjum skyttarlag, Lærdal Jeger- og fiskerforening og Tønjum pistolklubb. Dei har no fått eit ferdigstilt bygg til ein sum på bortimot 15 millionar kroner. Huset er finansiert ved hjelp av forsikringsoppgjeret og spelemidlar frå Norsk Tipping.

Andre etasje på bygget har ei grunnflate på 400 kvadratmeter, men er ikkje ferdigstilt enno. Dette er medrekna i prisen. 

Historie og tradisjonar

Også Lærdal Idrettlag held til i bygget, og i tida huset har manglar, har dei også merka det på skøytesporten. Begge greiner har lange tradisjonar i bygda. 

– Historie og identitet er viktig. Eg var vekke frå bygda i 30 år, men identiteten for Lærdal har eg alltid hatt med meg, sa leiar for idrettslaget, Hallvard Thomassen. 

Han synte fram gamle lysbilete frå til dømes 1953, då den nye grasbana vart klar, det første klubbhuset, som var ei tyskerbrakke, og mange andre godbitar.

– Me fekk pengar frå heile landet frå lag og organisasjonar etter brannen. No er me endeleg i hus, heile laget sitt hus. Alle laga i idrettslaget skal få nytte av huset.

Også ordføraren var på plass. Jan Geir Solheim skildra det som eit fantastisk bygg, som han trur vil gi oppsving i rekrutteringa.

– Eg vil koma på skytetreningane her for eg har lova å koma på landsskyttarstemnet i Førde og ta ein ordførarduell på skytebana der, smilte han. 

Til toppen