– EI ÆRE: Arild Ingar Lægreid (Ap) klipper snora og kan kalle dagsenteret for demente for offisielt opna. Med seg har han Lars Solheim som fyller år i morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
– EI ÆRE: Arild Ingar Lægreid (Ap) klipper snora og kan kalle dagsenteret for demente for offisielt opna. Med seg har han Lars Solheim som fyller år i morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her opnar dei dagsenteret for demente

Tysdag var det offisiell opning for dagsenteret for demente på Årdal sjukeheim.

Årdal: Brukarane av tilbodet fekk storstilt besøk då formannskapet med ordføraren i spissen klipte snora og offisielt opna det nye dagsenteret for demente.

Lokala har tidlegare husa fysio- og ergoterapeutane i kommunen, men etter at dei flytte til Åbo i Øvre Årdal i haust, har det blitt rom for dette tilbodet. Sidan då har tilbodet blitt utvida med fleire dagar i veka og eit ekstra måltid for å nemna noko.

– Dette har kome til som ei følgje av interne rokkeringar og eit tilskot frå helsedirektoratet på 188 000 kroner, som utgjer 30 prosent av drifta. Dette er årlege tilskot, som me sikkert kjem til å søkje om i år også, men me er berekraftige nok til å driva det sjølv, seier Monica Østerbø, som er leiar for heimesjukepleien i Årdal.

– Ei ære å få vere med

Dei folkevalde var glade for å dele denne hendinga med brukarane av tilbodet.

– Det er ei ære å få delta på denne offisielle opninga av dagsenteret. Eg er svært glad for å vere her med dykk i dag, fortalte ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) før han klipte snora.

– Dette er fantastisk å få vera med på. Eg har sjølv jobba her og ser at dette er noko som er naudsynt. Me som politikarar skal støtte dykk så mykje me kan, la Erling Offerdal (Sp) til. 

Sansehage

Det gode tilbodet stoppar ikkje der. I desse tider planleggjer kommunen å lage ein såkalle sansehage på parkeringsplassen utanfor sjukeheimen. Etter planen skal dette skje i veke 17. 

Artikkelen held fram under biletet.

OVERREKTE SJEKK: Ordføraren overrekker ein sjekk på 20 000 kroner til Mette Kleiva. Pengane skal nyttast til sansehagen som er planlagt utanfor sjukeheimen.
OVERREKTE SJEKK: Ordføraren overrekker ein sjekk på 20 000 kroner til Mette Kleiva. Pengane skal nyttast til sansehagen som er planlagt utanfor sjukeheimen.

– Hagen skal bestå av seks ulike sansepunkt, og me håpar det blir ei fontene i midten. Då blir rosevegg, og me skal setja poteter og gulrøtter. Me fann også ut at me måtte ha noko for karane, så saman med Margrethe Kauppi i helselaget skreiv me ein søknad til Nasjonalforeningen for folkehelse og fekk 15 000 kroner, fortel Østerbø.

Reiskapsbod

Pengane skal nyttast til ein reiskapsbod, der ein planlegg aktivitetar vedhogst. Ekstra gledeleg var det då at Lægreid på vegne av kommunen gav ein sjekk på 20 000 kroner. I tillegg hadde kommunalsjef Rigmor Svanberg kjøpt redskap til hagen.

– Eg kan lova dykk at det blir ugras, smilte ho og uttrykte kor stolt ho var over det dei har fått til og skal få til i framtida. 

– No håpar me at i løpet av sommaren og hausten så kan me byrje å hauste sjølv frå hagen og lage eige syltetøy av bæra og lapskaus av grønsakene til hausten. Me håpar det kan bli ein hage som kan veksa, legg Østerbø til.

Til toppen