SNORKLYPP: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF), statssekretær Atle Hamar (V) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp).
SNORKLYPP: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF), statssekretær Atle Hamar (V) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp). (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her opnar dei klimasenteret som skal bu oss på endringane som kjem

Me veit mykje om konsekvensane av klimaendringane, mindre om korleis samfunnet skal tilpassa seg desse. Det skal Vestlandsforsking gjera noko med.

Sogndal: Fredag vart det nye nasjonale kunnskapssenteret for klimatilpassing opna i Sogndal.

– Dette er ein dag me har gleda oss veldig til. Dette er eit synleg bevis på at me har dyktige, initiativrike forskarar, som har eit brennande engasjement for faget dei driv på med, sa styreleiar Trude Brosvik i Vestlandsforsking til dei rundt førti frammøtte gjestene.

Aall: – Må løyvast meir pengar

Senteret har fått ti millionar kroner til oppstarten i statsbudsjettet for 2019, og er sikra fem millionar kroner kvart år frå 2020.

På opninga minna professor Carlo Aall om kor lite pengar me bruker på klimaforsking, kontra rekninga samfunnet får i fanget etter ekstremvær. Samstundes utgjer forskinga på klimatilpassing berre ein liten del av klimaforskinga.

– Eg trur nok det må bevilgast meir pengar etter kvart, men det er ein god start å få på plass dette senteret, sa han.

Statssekretær Atle Hamar i klima- og miljødepartementet fekk æra av å klyppa snora då senteret vart offisielt opna.

– Klimatilpassing blir viktig. God kunnskap er avgjerande for å fatta dei rette avgjerdene og setta inn dei rette tiltaka i framtida. Difor er senteret som blir opna i dag viktig, både i nasjonal og internasjonal samanheng, sa han.

Pølse og politikk

Stortingsrepresentant Tore Storhaug (KrF) nytta taletida til å reflektera humoristisk over dei siste månadane med oppstyr rundt partileiaren. Den turbulente tida hadde gitt ny aktualitet til uttrykket: «Den som veit korleis politikk og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natt søvn», meinte han.

– I dag er ikkje ein slik dag. I dag er eg nøgd med både pølsa og politikken. Gratulerer alle saman. Eg ser fram til å følgja det viktige arbeidet de skal gjera, sa han, sa Storehaug.

Forskningspartnarar som er med i senteret er CICERO Senter for klimaforskning, Høgskulen på Vestlandet, NTNU Institutt for geografi, Universitetet i Bergen ved Senter for klima og energiomstilling (CET), NORCE Klima, NORCE Samfunn, og Nordlandsforskning.

Til toppen