OPNA SKULEN: Måndag opna fylkesordførar Jenny Følling (Sp) det nye bygget på Sogndal vidaregåande skule.
OPNA SKULEN: Måndag opna fylkesordførar Jenny Følling (Sp) det nye bygget på Sogndal vidaregåande skule. (Bilde: Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Her opnar fylkesordføraren det nye bygget på skulen

– Endeleg har vi ei bru mellom ungdommane som har valt ulike retningar innanfor teoretiske og praktiske fag.

Sogndal: Måndag deltok fylkesordførar Jenny Følling (Sp) på den offisielle opninga av det siste byggetrinnet ved Sogndal vidaregåande skule.

Med byggetrinn to er Sogndal vidaregåande skule no ferdigstilt, og elevane kan starte det nye skuleåret på ein samlokalisert skule på Campus Sogndal, Fosshaugane.

– Me satsar på skulen. Me har blant dei beste skuleresultata i landet og er best på gjennomføring. Visjonen vår her i Sogndal har vore å samle alle elevane på studiespesialiserande og yrkesfag på Campus Fosshaugane. Her kan alle ungdommane ta del i eit yrande, innovativt og kreativt samarbeid, eit konsept som har vekt merksemd langt utanfor fylkesgrensa, sa fylkesordføraren ved opninga.

FØRSTE SKULEDAG: Fylkesordførar møtte fleire av elevane, som hadde sin første skuledag måndag. Her saman med Eirik Andreas Albretsen og Ørjan Dalaker Løypestrand.
FØRSTE SKULEDAG: Fylkesordførar møtte fleire av elevane, som hadde sin første skuledag måndag. Her saman med Eirik Andreas Albretsen og Ørjan Dalaker Løypestrand. Foto: Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ein stor dag

Prosessen har vore eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune og Sogndal Fotball. Det første og største byggesteget stod ferdig i 2011.

No er skulen på 3800 kvadratmeter, med haustens nye areal til restaurant- og matfag med moderne storkjøkken, studiespesialisering med naturfaglaboratorium, auditorium, felles personalrom og nye arbeidsplassar til lærarane. I prosjektet ligg også vesentleg teknisk oppgradering av idrettshallen.

– Fylkeskommunen er overtydd om at gode bygg og fysiske omgjevnader med godt inneklima fremmar læring og gode miljø. Difor er det i dag utruleg kjekt å kunne formelt få overlevere eit ferdig og samlokalisert prosjekt her ved Sogndal vidaregåande skule, sa bygge- og eigedomssjef ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.

– Ta vare på kvarandre

Følling peika på at ein god arena for læring krev eit godt sosiale skulemiljø og trygge elevar, og at dette er noko alle har eit ansvar for å skapa.

– Det er nok fleire som kjenner på ein klump i magen og er nervøse for det nye livet som ventar når vidaregåande skule tek til. Ta godt vare på kvarandre, og hugs at eit smil kan bryte barrieren, avslutta Jenny Følling.

Til toppen