KLIPTE SNORA: Fungerande ordførar Trond Øyen Einemo fekk æra av å klippe snora då det nye uteområdet i Lærdalsøyri barnehage vart opna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLIPTE SNORA: Fungerande ordførar Trond Øyen Einemo fekk æra av å klippe snora då det nye uteområdet i Lærdalsøyri barnehage vart opna. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Her opnar han det nye uteområdet til Lærdalsøyri barnehage

– Det er 17. mai og julaftan på ein gong, seier styrar i barnehagen. 

Lærdal: Flagget var heist til topps i Lærdalsøyri barnehage torsdag. Då opna fungerande ordførar i Lærdal Trond Øyen Einemo det nye uteområdet, som dei har venta så lenge på.

I ei storslått feiring var foreldre, tilsette, politikarar og barna samla til fest i uteområdet, der det var talar, song og sjølvsagt snorklipping. 

Det som var eit flatt og dårleg drenert uteområde, har no fått nye husker, dumper, bakkar og leikestativ. Området er også noko utvida, så her har ungane nok av plass å utfolde seg på.

Artikkelen held fram under biletet.

SONG: Med foreldre og politikarar tilstades framførte barna songar før snorklippinga.
SONG: Med foreldre og politikarar tilstades framførte barna songar før snorklippinga.

– Det kulminerer i så mykje glede. Det har vore så mange forventningar, og me har venta så lenge, og eg kjenner eg blir så rørt og glad for alle som har bidrege. Me ser allereie no at ungane strålar og set slik pris på det, seier styrar i barnehagen Heidi Austrheim.

Fekk hjelp frå banken

Då ho kom inn i jobben i januar 2014, var noko av grunnarbeidet gjort, men så stoppa det opp. Sjølv om det har blitt avsett midlar, har økonomien hindra vidare arbeid. Det er årsaka til at det har tatt så lang tid å få uteområdet i orden. 

Men hausten 2014 meldte Indre Sogn Sparebank seg på og bidrog med pengar. Det fekk fart på arbeidet igjen, og Austrheim seier dei truleg aldri ville vore i mål no dersom det ikkje var for banken.

– Me hadde nok ikkje hatt nok til det store omfattande arbeidet som har vore påkrevd på mange år om me ikkje hadde fått den hjelpa, seier ho.

UTVIKLING: Styrar Heidi Austrheim seier dei merkar stor forskjell på aktiviteten til barna.
UTVIKLING: Styrar Heidi Austrheim seier dei merkar stor forskjell på aktiviteten til barna.

Motorisk utvikling

Over bakken er det gjort mykje arbeid, men det ligg også mykje jobb bak ting ein ikkje ser. Kom det mykje regn, ville området sjå ut som eit basseng. Slik er det ikkje lenger, noko som vart illustrert torsdag etter fleire dagar med nedbør i Indre Sogn.

Midt på plassen er det laga til ein kunstig bakke, som truleg blir populær i vinter, med sklie. 

– Denne er kjempefin for motorisk utvikling. Det skal jo vera eit pedagogisk uteområde som stimulerer til leik, aktivitet og motorisk utfolding, så dette er veldig bra, held Austrheim fram.

Eit anna populært tilskot var klatrepyramiden med ei stang i midten. Her klatrar ungane til topps før dei leiker brannmenn og siglar ned stolpen.

– Me merka stor forskjell på ungane. Det er så mykje fart her, og dei har det så travelt med opp og ned og klatring og rundt på sykkel. Aktiviteten har forandre seg voldsomt. 

Til toppen