Lærdal: Måndag er det første skuledag for mange spente elevar rundt om i landet. Det gjeld også for vaksenopplæringa, som Solheim sjølv var med å opne måndag morgon.
Tilbake i februar bestemte politikarane i Lærdal at dei ville «hente heim» tilbodet frå Sogndal. I dag hadde tolv elevar sin første skuledag i dei gamle lokala til apoteket på rådhuset.

– Det er viktig at flyktningar kjem inn i lokalmiljøet og er her på dagtid. I tillegg slepp dei no ein reiseveg på ein time kvar veg og kan ha tilbodet meir tilgjengeleg. Eg opplever at dei er glade for å byrje her, seier Torunn Liltved, som er leiar for kultur og oppvekst i kommunen.
Språket er viktig
Lærdal har tidlegare hatt ein munnleg avtale med Sogndal Norsksenter om å senda alle flyktningar dit på opplæring, men no vil kommunen altså kunne tilby dette sjølv. Det er ordføraren glad for.
– Det er lett å gjere eit vedtak om at me ønskjer å ha norskopplæring, men me har vore avhengig av mange. Det har vore ein stor jobb, og me set pris på alle som har bidrege. I kommunestyret var alle heilt samde om at dette måtte me få til i Lærdal.
- Les også: Norsksenter startar opp i august
– Det viktigaste me har er språket. Skal me kommunisere godt, må me kunne språket. Det er nesten heilt avgjerande, seier han og legg til at det er viktig at elevane har det godt.
Solheim innrømmer at han var litt skeptisk til lokala, men seier no at han er veldig nøgd med korleis ein har forandra apoteket til klasserom, kantine og kontor. Vaksenopplæringa ligg også så sentralt som ein kan få det.
Artikkelen held fram under biletet.

Får fleire elevar frå nyttår
Flyktningar som kjem til Noreg har rett på vaksenopplæring, men også arbeidsinnvandrar kan få tilbod, men desse må betale for dette. I haust blir det altså tolv elevar her, men frå nyttår kjem resten frå Sogndal.
– Me har ikkje telt, men eg vil tru me har plass til 20 i det eine klasserommet og 15 i det andre. Blir det for lite, må me prøve å finne andre moglegheiter her på Lærdalsøyri, seier Liltved.
To av dagane vert nytta på skulen, medan dei to resterande går med til språkpraksis i bedrifter. Liltved oppfordrar difor om at så mange lærdalsbedrifter som mogleg kan ta imot elevar.