Her opnar ordføraren den nye sansehagen

Det som var ein parkeringsplass har blitt til eit viktig tilbod for eldre og demente.

Årdalstangen: Torsdag kunne ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, endeleg klippe snora og erklære den etterlengta sansehagen på Årdal sjukeheim for opna. 

På det som for berre nokre månader sidan var ein parkeringsplass, kan eldre og demente no boltre seg på eit stort område fullt av ulike sansepunkt.

– Dette meiner eg er rett bruk av området. Det gir moglegheit for at dei demente, som no har fått dagsenter fire dagar i veka, kan gå rett ut i denne hagen. Det gir også bebuarane på sjukeheimen sjansen til å koma seg ut på ein lettare og tryggare måte, og det vil heilt sikkert lette arbeidet for dei tilsette også. Det er fantastisk flott, seier Lægreid til Porten.no.

Sjå bilete frå opninga i galleriet øvst i artikkelen.

Sansepunkt

Ved hjelp av eit godt samarbeid på tvers av områda i kommunen og mykje god hjelp økonomisk frå ulike bedrifter og organisasjonar, har ein klart omforvandla området til det som vil bli eit viktig tilbod for mange.

– Rundt om finn ein sansepunkt som er planlagt ut frå det demente og eldre treng. Dette er ein plass der du kan få uforstyrra utan å gå deg vekk. Området er lukka, men veldig opent. Sansestasjonane er laga til for lyd, lukt og hørsel, seier Monica Østerbø, som er leiar for heimesjukepleien. 

Her finn ein alt frå rosevegg, ein reiskapsbod, kasser med dyrka jord og gapahuk som ein kan sitje under. Målet er at hagen skal gi gode opplevingar for å bryta rutinane til dei som bur på sjukeheimen. 

Eit viktig tilbod for eldre og demente

Mette Kleiva, som er avdelingsleiar, trur dette vil bety mykje for denne brukargruppa å ha dette tilbodet.

– Det er noko med at dei får oppleve fridom sjølv om dei kjem på ein institusjon. Her kan me sleppa dei ut utan at me treng å vera redde for at dei ikkje finn vegen tilbake. Eg trur dette vil heva kvaliteten på kvardagen deira, seier ho.

Kleiva meiner det no er opp til dei tilsette å ta ansvar med å oppmode brukargruppa til å ta seg ein tur ut. Samstundes er det laga plan for korleis dei tilsette skal vedlikehalde planen.

– Kva vil dette bety reint medisinsk?

– Frisk luft gir betre søvnkvalitet, så no søv dei kanskje betre om natta. Dei kan oppleve mindre uro i kroppen fordi dei får bevege seg, samt få inntrykk dei elles ikkje ville fått. Dessutan ivaretar dei musklar, balanse og gangfunskjon betre når dei bevegar seg. 

Til toppen