NY KLATREPARK: Ordførar Jarle Aarvoll opna den nye klatreparken på Trudvang skule torsdag. Foto: Kari-Anne Kirsebom Strandman.
NY KLATREPARK: Ordførar Jarle Aarvoll opna den nye klatreparken på Trudvang skule torsdag. Foto: Kari-Anne Kirsebom Strandman.

Her opnar ordføraren klatreparken seks meter over bakken

Jarle Aarvoll (Ap) tok utfordringa og klatra til topps.

Sogndalsordføraren opna den nye klatreparken på Trudvang skule torsdag. Parken er blitt eit delikat og velfungerande element som barna kan nytte saman.

Det er utfordringar for alle aldrar og nivå, og nettopp det viste Aarvoll då han klatra til topp og klypte av snora på nokre ballongar og dermed erklærte parken for opna. 

Så fort ordføraren var komen ned att, tok ungane fatt på parken og testa han ut. 

Målet med anlegget er at det skal vere utforma på ein slik måte at det stimulerer til auka styrke, betre motorikk og kondisjon. Med varierte modular som til dømes nettårn, pyramidetårn, hengebru, ulike former for trekanta horisontale nett, ulike former av balansetau, vertikale klatrestokkar, balanseplatar, og rombeforma nett. 

Det var Grønne fingre frå Florø som vann anbodskonkurransen og har bygd parken, som er finansiert av ei gåve frå Sparebankstiftinga, tippemidlar og skulens eigne midlar. 

STORMA TIL: Så fort ordføraren var komen ned att greip ungane fatt på apparata.
STORMA TIL: Så fort ordføraren var komen ned att greip ungane fatt på apparata.
Til toppen