SISTE HAND PÅ VERKET: Årdal gospelkor har køyrt ekstraøvingar, for å vera best mogleg budde til konserten onsdag.
SISTE HAND PÅ VERKET: Årdal gospelkor har køyrt ekstraøvingar, for å vera best mogleg budde til konserten onsdag. (Foto: Årdal gospelkor)

Her øver gospelkoret før hyllestkonserten til Elvis Presley

Det går mot stinn brakke i Farnes kyrkje.

Årdal: Onsdag står gospelkoret i Årdal på scena for å heidra Elvis Presley saman med dei kjende artistane Paal Flaata, Stephen Ackles og Vidar Busk.

Førehandssalet tyder på at årdølene er svoltne på eit gjensyn med dei gamle gospelslagerane til kongen av rock.

– Det var selt 270 billettar før helga, så håpar me det har blitt solgt enno meir no, seier Hildegunn Kilen Rinde i Årdal gospelkor.                 .

Turnèen med elvisførestillinga går over heile landet. For å få det rette gospelpreget blir lokale kor invitert til å synga med på enkelte av sangane. Kilen Rinde seier koret i Årdal har hatt ekstraøvingar for å vera trygge på at dei skal gjera ein god figur.

– Det er kjempemoro å vera med på. Eg trur heile koret gler seg til konserten. Litt spente og nervøse er me, men me håpar på at dette blir knall, seier ho.

Til toppen