GÅVMILD JUL: Glenn Morten Hestetun overrekkjer ei hyggjeleg førjulsgåv til Kjell Arne Solheim i Norsk Folkehjelp Årdal.
GÅVMILD JUL: Glenn Morten Hestetun overrekkjer ei hyggjeleg førjulsgåv til Kjell Arne Solheim i Norsk Folkehjelp Årdal.

Her overleverer han ei gledeleg førjulsgåve til Folkehjelpen​

I staden for å gi julegåver til samarbeidsbedrifter og oppdragsgivarar, gir Hestetun Transport 15.000 kroner i gåve til Norsk Folkehjelp Årdal. 

Årdal: – Me gir heller til eit godt føremål, og det set oppdragsgivarane pris på også. Dei tykkjer det er ein fin måte å gjere det på, seier Glenn Morten Hestetun.

Torsdag overrekte han førjulsgåva til Kjell Arne Solheim, som er leiar i Norsk Folkehjelp Årdal. Han seier dei vil få gjort mykje med desse kronene.

– Me kan både kjøpa og oppgradere ein del utstyr for dette. Me held for tida på å oppgradere delar av førstehjelpsutstyret, og så skal mannskap på kurs. I tillegg er dette eit bidrag til det me held på med på hytta, seier han og takkar støtten.

Skal heve standarden på folkehjelpshytta

Hestetun er sjølv medlem i Folkehjelpen, så han veit at det kan vere vanskeleg å få inn pengar. Det vert mellom anna jobba med å heve standarden på folkehjelpshytta på Tyinosen.

– Då er dette småpengar slik sett, men det er iallfall eit bidrag, seier Hestetun.

Det vert nemleg jobba med å legge inn vatn og kloakk på hytta. 

– Og dette er jo ei hytte som kjem heile bygda til gode. Alt frå lag og organisasjonar til skuleklassar kan nytte seg av denne. Så dette er eit bidrag til hytta, samstundes som at bygda er flinke til å nytte hytta, så det går begge veger, legg han til.

Aktive i lokalmiljøet

I Årdal har Norsk Folkehjelp fleire aktivitetar. Det går mest på sanitet og redning.

– Me har mykje aktivitet i påska på fjellet, samt på større arrangement innanfor idrett eller kultur, som Målrock. I tillegg står me i beredskap for politi og ambulanse ved ekstraordinære hendingar, fortel Solheim.

Hestetun fortel at han sjølv var med å hente ned ein jeger i Seimsdalen i haust i bratt og vanskeleg terreng.

– Då trur eg folk verkeleg set pris på å ha oss tilgjengeleg.

Til toppen