OVERTEK STAFETTPINNEN: På spøkefullt vis og med eit smil om munnen gav Ole Magnar Nundal stafettpinnen vidare til Torunn Todal Laberg når han no trer av som styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus. Frå venstre: Torunn Todal Laberg, Geir Leon Øvstetun, Åsmund Nordgulen, Ole Magnar Nundal, Arnt Otto Øygarden, Rigmor Solem. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERTEK STAFETTPINNEN: På spøkefullt vis og med eit smil om munnen gav Ole Magnar Nundal stafettpinnen vidare til Torunn Todal Laberg når han no trer av som styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus. Frå venstre: Torunn Todal Laberg, Geir Leon Øvstetun, Åsmund Nordgulen, Ole Magnar Nundal, Arnt Otto Øygarden, Rigmor Solem. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her overtek ho stafettpinnen etter Ole Magnar Nundal

Etter ti år som styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus trer Ole Magnar Nundal av og sender stafettpinnen vidare til Torunn Todal Laberg.

Utladalen: – No byter me ut toppleiinga, seier Nundal og ler. 

Etter ti år trer han av som styreleiar i stiftinga Utladalen Naturhus i Årdal. No skal Laberg leie stiftinga vidare.

– Det er store sko å fulle, men han har lovd å halde meg i handa. Ole Magnar blir med vidare, seier ho.

Eit satsingsområde i reiselivet

Heilt sidan stiftinga vart etablert for 20 år sidan har det vore Hydro sin representant i styret som har vore styreleiar. Laberg var opprinneleg reiselivet sin representant i styret. Med dagens satsing på dette området er det neste naturleg at det er nettopp ho som tek over leiarvervet. Til dagleg jobbar ho som kommunikasjonsleiar i Klingenberg hotell.

– Utladalen er eit av satsingsområda våre i reiselivet, og naturhuset er på ein måte hjarte i Utladalen. Det er hit ein kjem først når ein går innover. Det er her ein finn all informasjon ein treng om dalen og moglegheiter for tur og kulturhistorie. Dette er eit veldig fint utgangspunkt for aktivitetar, formidling og opplevingar, både for turistar og innbyggjarane i Årdal, seier Laberg.

– Eg trur du er inne på noko der med tanke på satsinga som kommunen har flagga. Det kan vera bra at styreleiar no er orientert mot reiselivet for å sjå kva plass naturhuset kan finne i den satsinga, legg Nundal til.

Ein viktig jobb for kulturlandskapet

Stiftinga, som vart etablert for 20 år sidan, har i oppgåve å skjøtte naturen i Utladalen slik at kulturlandskapet framstår mest mogleg som då det var gardsdrift i dalen. I tillegg driv dei med informasjonstenester for Utladalen Landskapsvernområde og Jotunheimen Nasjonalpark. 

Utladalen Naturhus ligg under Skåri ved Hjelle, eit gamalt gardsbruk i Utladalen som var i drift fram til 1970-talet. I 1996 starta arbeidet med å restaurera det gamle kulturlandskapet. Utladalen Naturhus slik det er i dag opna i mai 1998, og blir drive av stiftinga. 

– Det er ikkje berre av interesse for reiselivet at eg tek på meg denne oppgåva. Eg elskar Utladalen, og den jobben som er gjort her, må vidareførast. Det er kjempeviktig, meiner Laberg.

Spesiell plass i hjartet til mange

Kvart år blir det lagt ned eit utruleg arbeid for å skjøtte naturen slik at han framstår mest mogleg slik det var då det framleis var drift på gardane i dalen. Dette er noko dei har fått gode tilbakemeldingar på.

– Det fleste skjønnar nok ikkje heilt kor mykje arbeid det er å halde skogen vekke. Det er ganske godt gjort av dei som skjøttar naturen her at han ser ut slik han gjer. Det er ei viktig årsak til at folk synest turen inn til Vetti er så fin som han er, seier Nundal, som trur dalen har ein spesiell plass i hjartet til mange.

Spesiell er også dalen blitt i Nundal sine augo. Då han tredde av, uttalte han at vervet har gjort han til ein skikkeleg fjellmann som har sett sitt preg på han.

Til toppen