MUSEUM: Landhandelen og Nils Lerum sin saftfabrikk, slikt det alltid har stått, på Sørheim i Luster.
MUSEUM: Landhandelen og Nils Lerum sin saftfabrikk, slikt det alltid har stått, på Sørheim i Luster. (Foto: Linda Watten)

Her på Sørheim starta safteventyret, no skal dei feira den nye fabrikken

Lerum skal feira opninga av den nye fabrikken sin på Kaupanger saman med 350 gjester.

Sørheim/Kaupanger: – Det blir kjempebra og me gler oss til å markera skikkeleg på fredag, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Det blir offisiell opning av stortingsrepresentant, Liv Signe Navarsete, og Eva Weel Skram kjem heim for å synga.

– Etterpå skal me syna gjestene me har invitert rundt på anlegget så dei får sjå kva me driv med, seier Hjellhaug.

Stolt over å vera familieeigd 

GLER SEG TIL INNFLYTTING: Driftsdirektør Jan Audun Larsen og direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum Bilde: Halvor Farsund Storvik

Det er ikkje daglegdags at det blir bygd nye fabrikkar i Noreg i den tida me er i no, fortel ho.

– Eg er difor stolt over at vi framleis er ei 100 prosent familieeigd bedrift ute i distrikts-Noreg som torer å ta risiko og satse.

Eit safteventyr starta i 1907

Då safteventyret starta for 111 år sidan var det i den vesle bygda Sørheim, på sørsida av Lustrafjorden.

– Mine oldeforeldre Kari og Nils dreiv landhandel der, og bytte ofte varer. Ein dag stod det att to tønner med bær på kaia. Kari tok det med på kjøkenet og tenkte at ho måtte bruke det opp, fortel Hjellhaug.

Slik starta det som blei ei suksesshistorie utan like.

Eg tenkjer at dei skulle berre visst kor det bar henn...

Trine Lerum Hjellhaug

I to år styrde Kari og Nils på med produksjon på sitt eige kjøken, før Nils bygde den fyrste fabrikken i 1909. 

– Den dreiv dei i 10 år, før det blei utfordringar med is på fjorden, og dei ville flytta fabrikken lenger ut, seier Hjellhaug.

All drift samla på ein stad

Valet fall på Sogndal, men no har endeleg all drift blitt samla på ein stad på Kaupanger.

– Me har lenge prata om at det hadde vore bra å samla alt på ein stad, og såg at me måtte gjera noko. Enten måtte me oppgradera i Sogndal, eller bygga nytt.

Hjellhaug er glad valet fall på det siste.

– No har me fått samla heile laget, og eg har stor tru på at me får utnytta meir ressursar når alle er på ein stad, seier ho. 

Til toppen