SPENSTIG IDÈ: – Eg vil starte det første kaffibrenneriet i Sogndal og levere den beste kaffien i Sogn og Fjordane, seier gründerspire Kjetil Russenes. Under Fjellsportfestivalen i Sogndal fekk han testa idèen framfor publikum.
SPENSTIG IDÈ: – Eg vil starte det første kaffibrenneriet i Sogndal og levere den beste kaffien i Sogn og Fjordane, seier gründerspire Kjetil Russenes. Under Fjellsportfestivalen i Sogndal fekk han testa idèen framfor publikum. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Her pitsjar skientusiasten idèen om eit kaffibrenneri i Sogndal​

For mange unge gründerspirer er Fjellsportfestivalen det første møtet med bygda. Det har Sogn næring tenkt å utnytte.

Sogndal: Under årets Fjellsportfestival hadde dei, i samarbeid med Kunnskapsparken og festivalen sjølv, difor invitert tretti flytteklare og kreative ungdommar for å lære næringslivet i Sogndal betre å kjenne.

Ein av dei var Kjetil Russenes, som rett nok har budd i Sogndal ei par år, men som kjem frå bygda Kvammen i Sunnfjord. Som for mange andre var det friluftsmiljøet som fekk han til å ta med seg flyttelasset til Sogn.

STRENGT BLIKK: Under gründerpitch fekk deltakarane fem minutt til å presentere forretningsidèen før dei fekk tilbakemelding frå dommarpanelet.
STRENGT BLIKK: Under gründerpitch fekk deltakarane fem minutt til å presentere forretningsidèen før dei fekk tilbakemelding frå dommarpanelet.

– Det var fjellet og folka. Det er ein klisjè som er gjenteken litt for mange gongar etter kvart, men det stemmer, seier han.

Les også: Dugnadsviljen gjer festivalsjefen heilt rørt
Les også: Full pudderalarm på opningsdagen: – Vi sat heime og jubla

På gründertreffet under Fjellsportfestivalen fekk han testa idèen om å starte det første kaffibrenneriet i Sogndal framfor ein full konferansesal og eit dommarpanel med ordføraren i spissen. Før på dagen hadde han blitt presentert for fleire av gründerverksemdene som held til på Fosshaugane Campus. 

– For meg er det utruleg kjekt å høyre om suksesshistoriane og det byrjar å bli ein del av dei i Sogndal etter kvart. Det er inspirerande og gir litt meir tryggheit til å tørre å satse sjølv, seier Russenes.

Lisbeth Bringebøen i Sogn næring seier Fjellsportfestivalen i mange år har vore ein inngangsport til bygda for tilflyttarar. Eksempla er mange på folk som ikkje berre har flytta hit, men òg starta selskap, etter møtet med fjella og skimiljøet i Sogndal.

– Dette opplegget skal vere med på å forsterka den effekten. Vi ønskjer å vise dei arbeidsplassane som finst og at det er gode utsikter til å skape din eigen, seier Bringebøen.

LUFTA GODE IDEAR: Gründermiljøet på Campus har gjort at fleire har fått trua på at det er mogleg å skape sin eigen arbeidsplass.  
LUFTA GODE IDEAR: Gründermiljøet på Campus har gjort at fleire har fått trua på at det er mogleg å skape sin eigen arbeidsplass.  
Til toppen