PRØVER Å BLI SAMDE: Marie Helene Hollevik (Ap), Thomas Norheim Moen (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap) prøver å bli samde om neste års budsjettprioriteringar med rådmann Olve Fossedal til hjelp. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PRØVER Å BLI SAMDE: Marie Helene Hollevik (Ap), Thomas Norheim Moen (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap) prøver å bli samde om neste års budsjettprioriteringar med rådmann Olve Fossedal til hjelp. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Her prøver dei å bli einige om neste års budsjett

Men det var ikkje alt Arbeidarpartiet og Senterpartiet klarte å bli einige om. 

Årdal: Eit gruppemøte på ti minutt vart til ein time. På rådmannen sitt kontor prøvde Arbeidarpartiet og Senterpartiet å bli einige om korleis pengane skal prioriterast.

I tillegg til mellom anna å auke området for barnehage og auka temperaturen i bassenget på Tangen skule slik at det kan nyttast til revmatikarar og baby-bading, ønskjer Arbeidarpartiet å auke utbyttet frå Årdal Energi med 400 000 kroner til 8,4 millionar kroner og setje desse inn på eit såkalla klimafond.

– Dette er eit fellesframlegg frå Ap og Miljøpartiet dei grøne. Me meiner at ved å ta klima- og energiplanen i bruk, vil me kunne finansiere varig drift av friluftsbassenget på Årdalstangen gjennom eit spillvarmeprosjekt.

– Det var ved å setje av til fondet at me fekk sett inn og finansiert varmepumper i kyrkjene våre til dømes, så eg skjønnar ikkje kvifor Senterpartiet ikkje vil vera med på dette. Eg trur dei tenkjer litt for kortsiktig, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) til Porten.no.

SAKNA MÅL: Thomas Norheim Moen og Sp-gruppa sakna meir konkrete tiltak og mål i klimaplanen til at dei vil nytta 400 000 kroner på den.
SAKNA MÅL: Thomas Norheim Moen og Sp-gruppa sakna meir konkrete tiltak og mål i klimaplanen til at dei vil nytta 400 000 kroner på den.

Saknar konkrete mål

Thomas Norheim Moen (Sp) svarar at dei ikkje tenkjer kortsiktig, men at dei heller saknar konkrete mål og tiltak  i den eksisterande planen, som har lege vekkgøymd i ei skuff dei åra kommunen har hatt dei økonomiske utfordringane å tenkje på.

– Eg vil ha ein plan over kva som skal gjerast, og midlane burde følgja planen med tiltak over kva som burde utførast. Då meiner eg at for vår del er det viktigare å få opp bassenget enn å setja 400 000 kroner på eit klimafond, seier han og uttrykte ein ønske om at bassenget skal vera i drift frå 2016.

– Set me av pengar til fondet, veit me ikkje kva dei skal brukast til. Eg vil sjå konkret kva me skal gjera, legg han til og understreka at Senterpartiet i utgangspunktet ikkje er lysten på å auka utbyttet. 

Feil bruk av utbyttet

Og det var nettopp det Hilmar Høl (Ap) forkynte i møtet også. 

– Eg har full forståing for å halde ope for ungane. Det er dei som lir, men samstundes må eg forkynne at med den situasjonen me er i økonomisk, så brukar me ikkje energiverket som salderingspost. Dette har ikkje noko hastverk, og det beste er at de set dykk ned etter møtet og finn ei løysing, sa han i møtet.

Senterpartiet bestemte seg då for å trekkje framlegget sitt. Ved å kjempe hardt mot hardt vil sannsynlegvis opposisjonen tape kampen sidan Ap og MDG sit med det knappe fleirtalet.

Skal samarbeida

Men sidan partia i posisjon også er interessert i å finne ei løysing, går dei no inn i eit samarbeid ein vil sjå resultatet av i kommunestyret 17. desember.

– No set me det på vent og skal samarbeida med Arbeidarpartiet og Miljøpartiet for å finna ei eventuell løysing til korleis me skal kunne opne bassenget. Det er naturleg at også Høgre og Venstre er med på det, seier Moen. 

Bassenget på Årdalstangen vart eit heitt tema i mai då det vart starta ein underskriftskampanje for å få det opna. Ordførar Lægreid tok saka i hende og utfordra næringslivet til å bidra.

Verdt det

Saman med billettinntektene gjorde det sitt til at budsjettet gjekk 20 000 kroner i pluss med utgifter på drøye 660 000 kroner. Utan drahjelp frå næringslivet ville det ikkje gått.

– Eg meiner det likevel er verdt det. Det er barn på Årdalstangen og i Seimsdalen som vil nytte seg av dette. Me ønskjer å opna bassenget for å få liv her, så må me sjå om me kan finna pengar til det. Kva det går ut over no, veit me ikkje.

Ein ting var iallfall alle parti samde om. Budsjettet for 2016 skal ha fokus på barn og unge. 

Til toppen