Årdalstangen: – Dette er ein stor dag, seier Stølen.
– Det er stor stas, og me trengte å fornya oss. Det nye konseptet til Bademiljø er veldig greitt, så me har brukt den malen, fått mykje hjelp og komponert litt sjølv.
Fleire hadde møtt opp for å få med seg opninga torsdag og tok turen innom for å sjå på endringane som er gjort, og dei er ikkje små.
Heilt ny butikk
– Butikken er heilt ny og snudd om på. Før var det to tredjedelar gåver og ein tredjedel utstilling, men no er det omvendt. I tillegg har me ommøblert slik at gåvebutikken no er nærast Klingenberg, fortel Stølen.
Artikkelen held fram under biletet.

Resten vender dermed mot sportsbutikken i nabobygget. Før jul lagde dei rett og slett hol i veggen som skilte dei, så no kan dei med eit smil om munnen kalla seg for Noregs minste kjøpesenter.
Håpar det inspirerer
Det var ei staseleg opning i sentrum på Årdalstangen, der Årdalstangen Musikklag bidrog med tonar, medan Aleksander Øren Heen fekk æra av å opne butikken, noko han gjorde med glede.
Artikkelen held fram under biletet.

– Eg håpar dette er til inspirasjon for andre og at ein ser det er mogleg å satse på Årdalstangen også slik at me får meir liv i rutene og i sentrum. At det ikkje skal vera meir liv her, skjønnar eg ikkje heilt, så her må alle gode krefter dra saman, seier han.
Mange har vist misnøye med den negative utviklinga i sentrum på Årdalstangen dei seinare åra, men Stølen viser med si investering at han ikkje har planar om å gi seg med det første. Det betyr at butikken, som har eksistert sidan 1979 med om lag åtte tilsette heile vegen, framleis blir å finne på Årdalstangen.
– Me veit det er mindre trafikk og dermed færre drop-in-kundar enn før. Me måtte gjera noko, anten ved å ta eit ekkelt grep eller eit stort positivt grep, og då valte med det siste. Det er eit heilt anna konsept no, så det betyr eigentleg ikkje så mykje kor me ligg.