– Eg er godt nøgd. Litt ustabile prestasjonar, men det gjekk no bra, seier Marte Jevnaker, som tok 2.plassen i B-finalen i dressur under Fjordhest NM i Førde.
Etter tysdagens kvalifiseringar, måtte Marte Jevnaker og Laura Brons Nordgulen ta til takke med B-finale. For å koma til hovudfinalen måtte dei ha fått dommarkarakterar på over 60%, men Jevnaker hamna på 58,765 og Brons Nordgulen på 56,049.
Les også: Her er dei på Fjordhest NM
– Eg var ikkje spesielt nøgd i går. Mellom anna fann hesten det for godt å drita midt i programmet, seier Brons Nordgulen.

Sur feil
Men under onsdagens B-finale gjekk det betre; Jevnaker tok altså ein fin 2.plass med 59,271 og Brons Nordgulen 4.plass med 58,875.
– Eg er godt nøgd med ein fjerdeplass i mitt første NM, men det var litt surt også fordi eg gjorde ein stor feil som kosta meg tredjeplassen. Rett og slett så blanda eg med programmet frå i går, og då får ein ein del trekk. Og tredjeplassen var berre 0,1 prosent unna.
Marte Jevnaker tok også 5.plass i dressurkøyring onsdag.
Nytt NM
Likevel får begge damene frå Tangen køyre- og rideklubb nye moglegheiter neste år; dei er kvalifisert til nytt Fjordhest NM ettersom begge kom seg over kravet på 58%.
– Det var ei flott oppleving og god erfaring. Ein skal ha styr på både hesten og nervene, hugsa program og så vidare. Alt skal klaffa, seier Brons Nordgulen.
– Arrangementet var flott og folka kjekke, seier Jevnaker.